Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tid for hjulskifte…

Tid for hjulskifte…

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. oktober 2010

Vinteren kryp innpå oss, og dersom yr.no treffer på med værmeldinga det næraste døgeret er det nok kvitt på marka i morgon. Det er og meldt meir snø utover onsdagen og ein kald vêrtype heile veka til endes. Det er på høg tid å skifte over til vinterdekk og klargjere bilen til vinters.

På yr.no finn du vêrvarselet for Todalen både for det neraste døgeret og lagtidsvarsel for den komande veka. Regelverket for bruk av piggdekk seier at sjåføren er ansvarleg for at bilen er forsvarleg skodd til ei kvar tid, sjølv om bruk av vinterdekk med pigg er lovleg først den 1. november. Les meir om reglane for piggdekk på vegvesen.no.

Publisert: 19. oktober 2010, 18:42