Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2010

Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.


Sankthansfeiring i godveret.

Sankthansfeiring i godveret.

Elinor Bolme Torsdag 24. juni 2010

Komiteen måtte hastigt bera ut fleire bord og stolar da det var sankthansfeiring på Bordholmen onsdag kveld. Mykje folk møtte opp til grilling og sosialt samver i godveret. Idrettslaget stod klare med varme grillar då folket kom, så det var berre å legge på medbragt grillmat for den som ville.

Les heile saka

Fram med loppene….

Fram med loppene….

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. juni 2010

Under Todalsdagen 3. juli er det tradisjon med loppemarked. Det er både trivelig og sosialt, og det kjem inn ein slant med pengar til drift av Trimgruppa og fotballgruppa i idrettslaget. Borghild Betten Talgø er ivrig på at folk skal rydde i kott, skuffer, uthus og kjeller for å finne fram lopper som kan gjera loppemarkedet […]

Les heile saka

Vaktlister – Norsk Laksefestival

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. juni 2010

Todalen I.L. skal sørve Norsk Laksefestival med vakttenester i helga. Her kan du finne vaktlistene som PDF, både for fredag og laurdag og du laste dem ned.


G14 vann mot Molde FK

G14 vann mot Molde FK

Elinor Bolme Tysdag 22. juni 2010

I kveld spela G14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen kamp på Bordholmen. Etter ei sprenghelg i Malmefjorden var det kanskje ikkje full gass over heile linja, men laget vann komfortabelt 2-0 mot Molde FK.

Les heile saka

St.Hansfeiring på Bordholmen

St.Hansfeiring på Bordholmen

Ole Petter Talgø Tysdag 22. juni 2010

Onsdag blir det St.Hansfeiring på Bordholmen. Klokken 18.00 starter det hele med grilling. Da med grillmat og kom på Bordholmen. Det blir åpen kiosk med salg av is og brus med meir. Det blir og loddsalg.

Les heile saka

Nok ein sjynågarding.

Nok ein sjynågarding.

Elinor Bolme Tysdag 22. juni 2010

Da er ein ny kandidat til månadens blogginnlegg klar for publisering her på todalen.no, og redaksjonen håpar at samarbeidspartner Gjermund Moe slett ikkje har tenkt å ta sommarfeie på dette området.

Les heile saka

Tur til Halsakamman

Tur til Halsakamman

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. juni 2010

Stangvik historielag var på tur til Halsakamman i søndag 20. juni, og ledar Einar Grønnes fortel at det var 13-14 personar som deltok på turen. Gudmund Svensli hadde med kamera, og har sendt oss nokre bilde som vi legg ut i galleriet nedafor.

Les heile saka

Mesternes mester

Mesternes mester

Britt Mossing Måndag 21. juni 2010

Elevane på Todalen oppvekstsenter avslutta skuleåret med å kåre «Mesternes mester». Her var det mange varierte øvingar der elevane fekk testa både
hurtigheit, styrke, kondisjon og presisjon. Etter å ha halde ballongen på strak arm i opp til 10 minutt, var det mange stive musklar. Vidare gjekk
det slag i slag med hoppetau, ballkontroll med bortennisball, armstyrke, sitting ved vegg utan stol med 90 grader bøy i knea, og flytting av
erteposar på tid.

Les heile saka

Elisabeth er festivalutstillar i år

Elisabeth er festivalutstillar i år

Jon Olav Ørsal Måndag 21. juni 2010

Det nærmer seg Laksefestival og Elisabeth Aas skal som kjent være festivalkunstner i år. Ho har produsert masse…. ca 50 malerier med stort og
smått til utstillinga. Bildene omhandler temaene omsorg og kjærlighet, og er malt på håndlaget Indisk bomullspapir.
Ho inviterer alle gode venner og kjente i Todalen til åpningen torsdag 24. juni kl. 18.00 i Surnadal Kulturhus.

Les heile saka

Største gjedda i Värmland?

Største gjedda i Värmland?

Jon Olav Ørsal Sundag 20. juni 2010

Jens Olav Moe dro direkte på hytta til bestemor og bestefar i Sverige da det vart skuleferie. Der er han igang med fisking, og alt første dag tok han ei gjedde på 9 kg, som var 110 cm lang. Truleg er det den største gjedda som er teken i hele Värmland så langt i år. Vi for vår del håpar at Jens Olav hugsar at gjedda har kvasse tenner og at det er ein rovfisk, men ønskjer lykke til vidare med fisket og ferielivet i Sverige!

Les heile saka

Todalsdagen 3. juli – Nils Ove garanterer finvær

Todalsdagen 3. juli – Nils Ove garanterer finvær

Jon Olav Ørsal Sundag 20. juni 2010

Det har kanskje vore stilt i media om Todalsdagen 2010. Men i kullissane har det foregått for fulle mugger, med planlegging av fotballturnering, SuperLotteri og eiga avis til Todalsdagen, sier stemnegeneral Bjørn Hauglann til Todalen.no. Det er iallfall heilt klart at det blir ei skikkeleg fotballfest for dei minste. Heile 40 lag er påmeldt, og det blir fleire fotballsparkere denne dagen enn heile befolkninga i Todalen til vanleg. Mellom 400 og 500 fotballsparkere kjem til å sette kvarandre i stemne på Bordholmen på Todalsdagen.

Les heile saka