Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
G14 vann mot Molde FK

G14 vann mot Molde FK

Elinor Bolme Tysdag 22. juni 2010

I kveld spela G14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen kamp på Bordholmen. Etter ei sprenghelg i Malmefjorden var det kanskje ikkje full gass over heile linja, men laget vann komfortabelt 2-0 mot Molde FK.

Etter ein forholdsvis jamn førsteomgang med sjansar til begge lag, stod det 0-0 ved pause.

Andreomgang gjekk i favør S/T/K/U, der innbyttar Henrik Melkild scora 1-0 målet. 15 minutt ut i kampen stod det 2-0, då same Henrik vart fellt innafor 16-meteren, og storebror Bjørnar scora sikkert på straffespark.

Publisert: 22. juni 2010, 21:39