798 medlemar kl 19.00
Gruppa for Trollheimstunnel på Facebook er no kome opp i nesten 800 medlemmar. Også i dagens papitutgåve av Tidens Krav kunne ein lesa om kampen mellom dei ulike tilhengarane av tunnelsynet.
Les heile sakaVi fann 64 artiklar i dette arkivet.
Gruppa for Trollheimstunnel på Facebook er no kome opp i nesten 800 medlemmar. Også i dagens papitutgåve av Tidens Krav kunne ein lesa om kampen mellom dei ulike tilhengarane av tunnelsynet.
Les heile sakaMåndag på føremiddagen startar NRK opp att sendingane av barne-tv serien Fjellgarden i Trollheimen igjen. Då er det på 12 måndagar moglegheiter til å friske opp att alle episodane frå livet på og rundt Kårvatn.
Det må vel nærast reknast som ein attraksjon når det har kome 10 skotske høglandsfe til Nordvik. Det er Ola magne Nordvik som har gjort investeringa, og dei er kjøpt inn med tanke på at dei skal drive landskappleie på eigedomen hans. I tillegg satsar han på salg av livdyr til andre som vil satse på denne raser.
Les heile sakaOgså brøytaren kan komma i «ulykka» av og til. Litt over 18 no i kveld var brøytarbilen uheldig og kom litt for langt ut på kanten etter krysset opp til Sollivegen på Nordvik, retning Åsbø.
Les heile sakaDet var god lukt av potetball allereie før ein kom inn på grendahuset på Nordvik laurdag ettermiddag. Da var det invitert til balldag, og på spørsmål om det var tradisjon med balldagar på Nordvik, så fikk vi til svar at det var det. Men det var heile 7 år sia sist! Så da kan vi vel konkludere med at det er tradisjon med balldag kvart 7. år!
Les heile sakaI overkant av tjue medlemar deltok i årsmøtet i Todalen Idrettslag i ungdomshuset fredag kveld. Årsmeldingane var prega av at laget er attende i normal aktivitetsnivå etter at jubileumsåret 2008 var ferdig. Men det har slett ikkje vore stillstans gjennom fjoråret. Det har pågått omfattande arbeid i forbindelse med planlegging av ny lysløype og skilek-anlegg på Tjønnmyran.
Les heile sakaDenne veka gikk Todalen Sanitetsforeing ut med oppfordring til å støtte kjøp av ein hjartestartar som skal plasserast i Todalen. Det er ei investering til over tretti tusen, og med eit lite bidrag herifrå og eit derifrå så skulle det vere eit overkommeleg prosjekt å realisere.
Les heile sakaTorsdag kveld vart det på den populære nettstaden Facebook oppretta ei eiga side for dei som ønsker å komme i mål med Trollheimstunnelen. Eller som det står :»Denne gruppen er opprettet som motvekt til underskriftskampanjen for brualternativet». Toril Talgø var grunnleggaren av gruppa, som kallar seg Vi VIL ha Trollheimstunnel, IKKE bru!!
Les heile sakaRegnværet denne veka har nok laga problemer for mange frosne avløpsrør. Mange plassar står det dammar på på åker og eng, og med nær 2 mete med tele vil det nok ta litt tid før ein får bukt med vatnet.
Les heile sakaLaurdag kveld 13. mars frå kl 20.00 blir det pubkveld på Pakkhsuet Pub. Synnøve Helland fortel at dei denne kvelden vil prøve seg med salg av småretter av kinamat.
Les heile sakaHugs årsmøtet fredag 12. mars kl 1930 i ungdomshuset. Sakslista er no klar og er lagt ut her på Todalen.no. Vel møtt! Last ned sakslista her.
Reiselivsprogrammet inviterer til nytt kurs i opplevelsesproduksjon. Målet er å utvikle meningsfulle opplevelser som både begeistrer gjesten og gir økt lønnsomhet for verten.
Les heile saka