Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nils Ove fortsett som ledar i T.I.L.

Nils Ove fortsett som ledar i T.I.L.

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. mars 2010

I overkant av tjue medlemar deltok i årsmøtet i Todalen Idrettslag i ungdomshuset fredag kveld. Årsmeldingane var prega av at laget er attende i normal aktivitetsnivå etter at jubileumsåret 2008 er ferdig. Men det har slett ikkje vore stillstans gjennom fjoråret. Det har pågått omfattande arbeid i forbindelse med planlegging av ny lysløype og skilek-anlegg på Tjønnmyran.

Det er oppnådd avtale med dei 3 grunneigarane Anita Talgø, Svein Talgø og Ola Bruset, og det arbeides no med finansiering av anlegget. Årsmøtet gjorde vedtak om å løyve eigenkapital på 127.000 som er naudsynt i tillegg til omfattande dugnadsarbeid. Prosjektet består av fleire byggetrinn, men tilsaman kjem investeringane på meir enn ein million før ein er ferdig.

I tillegg bestemte årsmøtet at ein skal utvide klatrerommet i redskapshuset på Bordholmen til også å omfatte eit styrkerom. Nødvendig utstyr til styrkerommet har laget frå før. Ein vil også prøve å få til skytebane for luftgevær i redskapshuset og betre utnytting av klubbhuset til aktivitetar som biljard etc.

I hovudstyret fikk ledar Nils Ove Bruset fornya tillit. Kari Kvendset kom inn etter Monika Klungervik og var Kristen Bruset (sekretær) og Ingrid R. Talgø (kasserar) ikkje på valg.

Totalt er det ca 40 tillitsvalgte i laget, og fullstendig oversikt finn du i lista her.

Publisert: 13. mars 2010, 00:05