Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Brøytaren litt for langt ut.

Brøytaren litt for langt ut.

Elinor Bolme Laurdag 13. mars 2010

Også brøytaren kan komma i «ulykka» av og til. Litt over 18 no i kveld var brøytarbilen uheldig og kom litt for langt ut på kanten etter krysset opp til Sollivegen på Nordvik, retning Åsbø.

Johan Nordvik prøvde så best han kunne å dra opp att lastebilen, men vart i lettaste laget mot det tunge utstyret. Bilane vart difor forbisleppt, medan nytt bergingsmannskap vart tilkalla.

Mykje snø har kome det siste døgnet, så vi vonar han kjem seg på fote igjen.

Publisert: 13. mars 2010, 19:00