Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kr 10.000 til hjartestartar

Kr 10.000 til hjartestartar

Jon Olav Ørsal Fredag 12. mars 2010

Denne veka gikk Todalen Sanitetsforeing ut med oppfordring til å støtte kjøp av ein hjartestartar som skal plasserast i Todalen. Det er ei investering til over tretti tusen, og med eit lite bidrag herifrå og eit derifrå så skulle det vere eit overkommeleg prosjekt å realisere.

På Talgø Møbelfabrikk  tok daglig ledar Ola Magne Nordvik med ein gong stafettpinnen, og ga kr 10.000 til prosjektet. Han oppfordar også andre bedrifter til å være med og støtte prosjektet. Han seier at han håper at det ikkje skal bli naudsynt å bruke utstyret, men ser stor verdi i at det finns tilgjengeleg  dersom behovet oppstår og at det da er lett tilgjengeleg.

Saniteten har planlagt at utstyret skal plasserast i brannstasjonen på Kvennset og vil derfor være lett tilgjengeleg  til alle døgnets tider. Dette er eit fint tiltak som vi håpar både bedrifter og foreningar støttar opp om for å få realisert.

Publisert: 12. mars 2010, 20:19