Saknar du nøklane dine?
Rektor Dordi Jorunn Halle fortel at dei har funne ei nøkkelhonk i snøen på skuleområdet i dag. Det ser ut som det er husnøklar + diverse. Ta kontakt med Todalen oppvekstsenter så får du dei att.
Les heile sakaVi fann 56 artiklar i dette arkivet.
Rektor Dordi Jorunn Halle fortel at dei har funne ei nøkkelhonk i snøen på skuleområdet i dag. Det ser ut som det er husnøklar + diverse. Ta kontakt med Todalen oppvekstsenter så får du dei att.
Les heile sakaI dag serverte Todalen Bondelag førmiddagsmat ved Todalen Oppvekstsenter. Då var alle skule-og barnehageungane samla i gymsalen til eit triveleg måltid. Der vart dei servert kakao, heimlaga steinovnsbaka brød, heimlaga youghurt og mykje anna godt pålegg.
Les heile sakaEldremiddagen i Todalen var onsdag samla til årsmøte og «feittysdag» i Sanitetshuset. Dei er ein trufast gjeng som samlast her kvar onsdag utanom ferietida, og jul- og påskeferien. Da serveres god og variert husmannskost og dette er organisert etter sjølvkostprinsippet, og da serveres det 3-retters middag for 75 kroner. Når det er luksusmiddag som kjøtt og påsse og julemiddag kostar det 100 kroner, fortel det nyvalde styret i eldremiddagen Anne Moe (ledar), Brit Nordvik (styremedlem) og Martinus Torvik (sekretær og kasserar) til Todalen.no.
Les heile sakaPå oppfordring fekk vi Karen Johanne Talgø til å skrive litt omkring tradisjonane med feittysdag. Ho tok oppfordringa på strak arm og her fortel ho om feittysdagsmenyen hos familien i Trondheim og no på Vestrum i Todalen. Ho skriv:
Les heile sakaHeilt sidan Svinviktunnelen opna i 2001 har det til stadighet vore problem med løs stein som har rulla ned på vegbanen, til stor fare for trafikken ut frå tunnelen på Svinviksida. For nokre år sia vart det gjort forsøk på å ordne dette, men til inga nytte.
Les heile sakaAnnakvar tysdag treffest konfirmantane som soknar til Todalen og prest Bernt Venås til førebuingar i anledning konfirmasjonen som er på vårparten. I år nærare sagt på Kristi Himmelfartsdag, den 13. mai.
Les heile sakaFrå Magne Svinvik har vi fått tips om at flere lokale deltakarar var med i NM Telemark forrige helg. I landsfinalen for 14-15 årsklassen tok Lisabeth Svinvik NM-sølv og Ola Talgø tok bronse. Ane Mogstad tok og ein sterk 2. plass i jenter 10-11 år. Ellers deltok også Emil Ansnes, Erika Kårvatn Moen og Lars Mogstad fra Surnadal ski telemark/freeride.
Les heile sakaFrå Olav Kvendset, busett i Pope Valley i California, har vi fått helsing via e-post. Han lurar på kva tradisjonar vi har med feittirsdagen, og stiller spørsmålet både til innfødte og utflytta todalingar.
Han skriv:
I går var det fastelavenssøndag, utan at det vart markert noko vesentleg. I morgon er det feittysdag og på onsdag er det oskeonsdag. Kom til å tenkje på at det har vore interessant å vite om todalingar flest markerer feittysdagen. Kanskje Todalen.no kunne ha teke opp spørsmålet?
Laurdag 27. februar kl 20.00 blir det SOLFEST i Todalen ungdomshus.
Det er Todalen idrettslag som står som arrangør, og har denne gongen fått hjelp av deltakarane haustens «Kokkekurs for karra» til å ta ansvaret for maten. Dei tok utfordringa på strak arm, og vil servere eit treretters måltid som ein kanskje ikkje har sett maken til i Todalen ungdomshus tidlegare.
Etter skogbrannen på Gjeldnes 6. juni 2007, der Todalen Sanitetsforening stilte med mat og drikke til brannmanskapet, har det vore tala om ein omsorgsberedskapsavtale med Surnadal kommune og sanitetsforeninga. Sist sommar vart det av di oppretta ei beredskapsgruppe i Todalen sanitetsforening med Kari Kvendset som leiar. Ho har sidan juli/august 2009 vore i jamnleg kontakt med Surnadal kommune om eit formelt samarbeid.
Les heile sakaI dag arrangerte Start 4H akedag oppi Reita. Det kom mykje folk, både store og små, og både medlemmer og ikke-medlemmer. Les heile saka for fleire bilete.
Les heile sakaFrå Einy Rendal Elgsæther har todalen.no fått oversendt nokre reflekterande tankar angåande at Ranes kyrkje no har vorte midlertidig stengt. Som dei fleste veit er Einy ei av dei som bidreg i fredagsutgåva av Driva sine Helgetankar
Les heile saka