Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Årets konfirmantar.

Årets konfirmantar.

Elinor Bolme Tysdag 16. februar 2010

Annakvar tysdag treffest konfirmantane som soknar til Todalen og prest Bernt Venås til førebuingar i anledning konfirmasjonen som er på vårparten. I år nærare sagt på Kristi Himmelfartsdag, den 13. mai.

Då todalen.no sin utskremde så snarast var innom dei, held dei på med temaet å bli vaksen, kunne Venås fortelja. Eit tema med mange utfordringar, oppturar og nedturar før dei er komne i mål. Stemninga var høg, og det var tydeleg dei stunda fram mot våren og den store dagen då eventuelle gåver skulle opnast.

Ellers vil vi og få treffe dei den 23. mars, når den årlege bøssebæraraksjonen til Kirkens Nødhjelp går av stabelen. Aksjonen i 2010 handlar om korleis fattige er mest sårbare og stadig rammas hardast av naturkatastrofer og ekstremver. Mens vi i den rike delen av verda kan forebyggje og forsikre oss mot naturens øydeleggingar, står menneske i fattige land i fare for å miste alt når katastrofa rammar.

Sjå meir på http://www.kirkensnodhjelp.no/ om du vil.

Først publisert: 16. februar 2010, 20:42 - Sist oppdatert: 17. februar 2010, 15:05