Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Feittirsdag – kva tradisjon har vi?

Feittirsdag – kva tradisjon har vi?

Jon Olav Ørsal Måndag 15. februar 2010

Frå Olav Kvendset, busett i Pope Valley i California, har vi fått helsing via e-post. Han lurar på kva tradisjonar vi har med feittirsdagen, og stiller spørsmålet både til innfødte og utflytta todalingar.
Han skriv:
I går var det fastelavenssøndag, utan at det vart markert noko vesentleg. I morgon er det feittysdag og på onsdag er det oskeonsdag. Kom til å tenkje på at det har vore interessant å vite om todalingar flest markerer feittysdagen. Kanskje Todalen.no kunne ha teke opp spørsmålet?
Fastelavenssøndag, quinquagesima, som tyder at det er 50 dagar til påskesøndag, går tilbake til katolsk tid. Før dei gjekk inn i fastetida, gjekk dei i kyrkja, eller til presten, og skrifta. Dei tilsto syndene sine og ville få forlating og eit godt råd før fastetida tok til.
Feittysdag var siste dagen før dei gjekk inn i fasta at det var lov å ete feit mat. I nokre engelsktalande land som England, Irland og Canada er det mellom katolikkar kalla pannekakedagen. Sidan dei ikkje kunne ete egg i fastetida, vart det laga pannekaker med mykje egg, smør og anna
feite saker.Så når fastetida var over, var det m.a lov å ete egg. Vi pratar enno om påskeegg.
I skandinaviske land og Tyskland vart dagen markert med mykje feit mat. På oskeonsdag fekk katolikkane eit kors eller eit merke i panna med ei blanding av oske og olje.
Korleis markerer todalingane, i eller utafor bygda, feittysdagen?
Send oss gjerne nokre ord om korleis tradisjonen vert teken vare på. Vi hører gjerne frå både innfødte og utflytta om dette. Bruk «Kontakt oss» eller sendt nokre ord direkte til e-post: jon.olav.orsal@svorka.net

Først publisert: 15. februar 2010, 23:33 - Sist oppdatert: 17. februar 2010, 22:18