Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stenging av kyrkjer.

Stenging av kyrkjer.

Elinor Bolme Laurdag 13. februar 2010

Frå Einy Rendal Elgsæther har todalen.no fått oversendt nokre reflekterande tankar angåande at Ranes kyrkje no har vorte midlertidig stengt. Som dei fleste veit er Einy ei av dei som bidreg  i  fredagsutgåva av Driva  sine Helgetankar. Ho skriv: 

 Stenging av kyrkjer.

Etter vedtak i Surnadal kyrkjelege fellesråd er Ranes kyrkje midlertidig stengd på grunn av økonomiske problem ved kommunalt budsjettvedtak som kuttar 5% i høve til økonomiplanen. Det fører også til at andre vedlikehaldsoppgåver på kyrkjer og kyrkjegardar blir redusert til eit minimum. Dessutan blir det teke bort ekstrahjelp og vikarar og feriejobbar for ungdom etc.

At det akkurat var Ranes, som medlemsmessig er den største kyrkja, som vart stengd, var ei samla vurdering av mange forhold. Kostnader til oppvarming, avstand til andre kyrkjer, også med tanke på frakting av bårer, ymse bruk utanom søndagar og orgelets standard i forhold til f.eks Øye kyrkje etc.

Somme har hevda at det hadde vore meir økonomisk å stengja Stangvik kyrkje, og somme meiner ein kan greia seg med ei kyrkje i kvart prestegjeld.

Vi veit ikkje korleis framtida blir. Det er rart å tenkja på at våre forfedre hadde råd til å byggja kyrkjer og bedehus den tid det var svært fattigslege kår i landet vårt, i dag har vi ikkje råd til å halda dei i stand eller driva dei.

Møre biskop Ingeborg Midttømme godtar ikkje stenging av kyrkjer slik det er varsla fleire stader i bipedømet. Ho seier at kommunane er forplikta i forhold til kyrkjelova å halda kyrkjene i stand og i drift. Kyrkjelova seier at det skal vera ei kyrkje i kvart sokn og at dei skal drivast forsvarleg.

Først publisert: 13. februar 2010, 23:00 - Sist oppdatert: 14. februar 2010, 16:11