Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Solfest 27. februar – Billettsalget har starta

Solfest 27. februar – Billettsalget har starta

Jon Olav Ørsal Måndag 15. februar 2010

Laurdag 27. februar kl 20.00 blir det SOLFEST i Todalen ungdomshus.
Det er Todalen idrettslag som står som arrangør, og har denne gongen fått hjelp av deltakarane haustens «Kokkekurs for karra» til å ta ansvaret for maten. Dei tok utfordringa på strak arm, og vil servere eit treretters måltid som ein kanskje ikkje har sett maken til i Todalen ungdomshus tidlegare.
Billettsalget starta måndag, og i første omgang vart det lagt ut berre 100 bilettar, så her er det berre å kjøpe billett på ICA Todalen for å kome med på arrangementet.
Freds trio vil sørge for at det vert høve til ein svingom etterpå (dersom det er nokon som orkar det?).
Sett av kvelden og pass på at du får tak i billett! Her finn du plakaten

Publisert: 15. februar 2010, 23:00