Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2020

Vi fann 96 artiklar i dette arkivet.


Inviterer til nostalgisk songmøte i Storstuå.

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. september 2020

Indre Nordmøre senioruniversitets inviterer til SONGMØTE på Kulturhuset i Surnadal, torsdag 8. oktober. Da vil det nok bli gjenhøyr med mange revyviser, og kanskje får vi litt om historia bak og. – Vi dreg nok kjensel både på revyviser, scenekunstnarar og revyforfattarane når vi nemner namn som Styrkår Brørs, Holger Skei, Eivind Holte og ikkje minst Henning Sommero.


Kommunen gjenopnar Mo barnehage

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. september 2020

I ei kort pressemelding på sine heimesider fortel Surnadal kommune at Mo barnehage blir gjenopna frå i morgon, torsdag 24. september. Føresette og barn kan delta på fritidsaktivitetar og gå på jobb som normalt frå og med no, onsdag ettermiddag.


Skulejubileum «Mitt Prosjekt 5»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. september 2020

Då er det ei stund sidan siste gong vi presenterte eit prosjekt i denne serien. Så då er det på tide å ta opp att tråden. I dag er det fleire handarbeidsprosjekt som blir presenterer laga av Marie Halset frå Steinset. Marie er fødd i 1923 og gifta seg med Ola Sanden frå Sanden i Viromdalen og flytta dit.  


Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen J12 – Hjelset/Kleive J12

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. september 2020

Den andre kampen som vart spela på Søyabanen tysdag kveld var Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen J12 – Hjelset/Kleive J 12. Dette var J12 laget sin siste kamp denne sesongen. Kampen skulle eigentleg gå på kunstgrasbanen kl. 19:00, men problem med flomlyset gjorde at kampen vart framflytta med 30 minutt og spela på grasbanen. Vèret var det same som då J9/10 spela kamp, så det hoppar vi rett og slett bukk over for å halde varmen. 


Søya/Todalen J9/10 – Kvass/Ulvungen J9/10

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. september 2020

Tysdag kveld var det J9/10 kamp på Søyabanen mellom Søya/Todalen og Kvass/Ulvungen. Vèret var «typisk» nordmørsk haustvèr med regn og kaldt. Så det vart ei kald og våt oppleving for både spelarar og tilskodarar vèrmessig. Men heldigvis vart det ein jamn og fartsfylt kamp som flytta fokuset vekk frå vèret og over på kampen.


Olav Thon Gruppen tar grep i Trondheim – overtar drifta av City Syd

Stig Husby Tysdag 22. september 2020

Det vart i dag sendt ut ei pressemelding frå Olav Thon Gruppen, der dei kan informere om at dei har signert avtale om å overta forvaltninga av seks norske kjøpesenter som eies av Storebrand.  Storebrand er ein profesjonell eigedomsaktør som har store forventninger til både drift og videre utvikling av kjøpesentre. Dette opplever vi som ei flott tillitserkæring, og er stolte av å få disse kjøpesentrene inn i vår portefølje, seier Ole-Christian Hallerud, som er visekonsernsjef i Olav Thon Gruppen.


Vindøldalen

Stavgang til Vindøldalen

Dordi Jorunn Halle Tysdag 22. september 2020

Stavgang i Surnadal
Torsdag 24. september står Vindøldalen for tur. Vi kjører til vanlig tid, kl: 11:00,  fra bomstasjonen ved veien.


Måndag: Oppdatert status for berørte barnehagar og skuletrinn

Jon Olav Ørsal Måndag 21. september 2020

Det har i dag vore eit beredskapsmøte i oppvekst. Overordna gjeld at vi er ekstra nøye med at barn med nyoppståtte symptom ikkje skal i barnehagane eller skulane. I samarbeid med smittesporingsteamet har ein komme fram til følgjande status for barnehagar og skular:




Todalen Idrettslag – har tilhengar til utleige

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 20. september 2020

Todalen Idrettslag har investert i ein heilt ny tilhengar for å kunne utføre transport av laget sitt utstyr og materiell mellom dei mange anlegg sine og andre stadar. Tidlegare har laget vore avhengig av å låne tilhengar til alle transportoppdrag, men no blir dei altså sjølvberga på dette området. Saman med kjøpet av tilhengaren har Idrettslaget og kjøpt lastesikringsutstyr og presenning for at transporten skal vere sikker. Om nokon treng å leige tilhengar, så er det berre å ta kontakt med Lars Stensby. Prisar og kontaktinformasjon lenger nede i saka. 


Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen J12 – Molde J12 2

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 20. september 2020

Søndag spela Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen sitt J12 lag sin 5.kamp på 8 dagar. Kampen vart spela på Søyabanen og motstandar var Molde J12 2. Vêret var ganske bra heilt til siste halvdel av andre omgang, men då hadde vêrgudane bestemt seg for å opne slusene på vidt gap.