Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen J12 – Hjelset/Kleive J12

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. september 2020

Den andre kampen som vart spela på Søyabanen tysdag kveld var Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen J12 – Hjelset/Kleive J 12. Dette var J12 laget sin siste kamp denne sesongen. Kampen skulle eigentleg gå på kunstgrasbanen kl. 19:00, men problem med flomlyset gjorde at kampen vart framflytta med 30 minutt og spela på grasbanen. Vèret var det same som då J9/10 spela kamp, så det hoppar vi rett og slett bukk over for å halde varmen. 

Første omgang starta med at heimelaget pressa bortelaget på defensiven og spela seg fram til fleire store sjansar. Vi må og legge til at bortelaget sin keeper spela ein bra kamp og hadde fleire kvalifiserte redningar. Utover i omgangen kom bortelaget meir med og det var dei som tok leiinga, sjølv om dette var mot spelet sin gang. Men i fotball er det som kjend måla som tel. 

Kampen er i gang. Foto: B G Ansnes

I andre omgang var det gjestane som tok kommandoen frå start, men heimelaget kom fort til hektene att spelemessig. Men gjestane var meir effektive framom mål. Der heimelaget magla det siste «lille» for å få ballen inn i mål, greidde bortelaget å sette sjansane sine. Men mot slutten av kampen greiddeheimelaget å få ballen din han skulle, noko som verkeleg må seiast å vere fullt fortent. 

Ein av mange store sjansar til heimelaget. Foto B G Ansnes

Alt i alt ein underhaldande kamp med godt spel og god innsats. Då er ein kort og hektisk sesong over for J12 laget som no kan ta ein velfortent pause frå fotballen fram til oppkøyringa til neste sesong tek til.  

Eline S. Polden scora heimelaget sitt mål. 

Søya/Todalen-Kvass/Ulvungen stilte med desse spelarane: Ingrid E. Øverås, Mali Foss, Eline S. Polden, Tora Mo, Mia V. Hansen, Ida Anette Hyldbakk, Marte Kvande, Nathalie M. Fiske, Solveig Andersen og Nicole Nordvik. 

Publisert: 23. september 2020, 00:00