Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kommunen gjenopnar Mo barnehage

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. september 2020
I ei kort pressemelding på sine heimesider fortel Surnadal kommune at Mo barnehage blir gjenopna frå i morgon, torsdag 24. september. Føresette og barn kan delta på fritidsaktivitetar og gå på jobb som normalt frå og med no, onsdag ettermiddag.

Med dette er samtlege avdelingar og trinn som fekk ei kort nedstenging eller overføring til fjernundervisning, opna opp att, og Surnadal kommune ønskjer alle velkomne tilbake til kvardagrn igjen. 

Klikk for stort bilde

Publisert: 23. september 2020, 15:34