Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skulejubileum «Mitt Prosjekt 5»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 23. september 2020

Då er det ei stund sidan siste gong vi presenterte eit prosjekt i denne serien. Så då er det på tide å ta opp att tråden. I dag er det fleire handarbeidsprosjekt som blir presenterer laga av Marie Halset frå Steinset. Marie er fødd i 1923 og gifta seg med Ola Sanden frå Sanden i Viromdalen og flytta dit.

Som vi vil sjå etter kvart så var Marie ein ivrig og dyktig handarbeidselev, noko ho har teke med seg gjennom heile livet og framleis driv med. I handarbeid var Marie og dei andre jentene på hennar alder så ivrige at skulen måtte kjøpe inn ekstra garn, slik at dei kunne få arbeide med handarbeid heime òg. Det var då i første rekke genserstrikking Marie heldt på med på den tida. Då Marie gjekk på Todalen skule i perioden 1930 – 38 var dei på skulen berre annakvar veke, så dei hadde god tid til å drive med handarbeid den veka dei ikkje gjekk på skulen. Larar i handarbeid på den tida var Marie Hoel Omenås. 

Nålputa Marie laga på skulen og som framleis er i bruk. Foto utlånt av Marit S. Søyset

Vi kan her legge til at nålputa til Marie var ei inspirasjonskjelde og mal for dotra Marit S. Søyset då ho laga nålputa si ved Ålvundeid skule i byrjinga på 1950-talet. Men som Marit sjølv seier, så har nok hennar nålpute vore mykje mindre bruka enn mora Marie si. Handarbeidslæraren til Marit var Ingeborg Husby, som på første halvdel av 1960-talet flytta til Bakkebu her i Todalen. 

Dotra Marit S. Søyset si nålpute. Foto utlånt av Marit S. Søyset

Marie har heilse sitt liv lika å halde på med handarbeid, noko ho framleis gjer i ein alder av 97 år. Ho har og vore ein inspirator for fleire av sine barne- og oldebarn. Som vi kan sjå i galleriet nedanfor har eit av barnebarna laga ein kopi av pennespisstørkaren Marie laga i si tid på skulen. Den Marie laga var strikka, og hovudmålet med at dei skulle strikke ein slik, reint bortsett frå å tørke fjærpennspissen, var at dei skulle lære seg å strikke med auking og felling. Her skal skribenten medgje å vere på særs tynn is i høve til faguttrykk og ikkje minst kunnskap i strikkefaget. 

Publisert: 23. september 2020, 13:52