Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen J9/10 – Kvass/Ulvungen J9/10

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 22. september 2020

Tysdag kveld var det J9/10 kamp på Søyabanen mellom Søya/Todalen og Kvass/Ulvungen. Vèret var «typisk» nordmørsk haustvèr med regn og kaldt. Så det vart ei kald og våt oppleving for både spelarar og tilskodarar vèrmessig. Men heldigvis vart det ein jamn og fartsfylt kamp som flytta fokuset vekk frå vèret og over på kampen.

I første omgang bølga spelet att og fram, og ingen av laga greidde å få eit spelemessig overtak. Det var innsats og vilje i kvar duell og mykje bra spel. Heimelaget hadde lånt med seg Solveig Andersen som keeper frå J12 laget i første omgang, men ho skulle spele kamp for sitt eige lag og måtte flytte over dit då den kampen tok til. Ved pause var det ei knapp leiing til bortelaget. 

Her helsar laga før kampen. Foto: B G Ansnes

 Andre omgang var på mange måtar som første, med innsats og vilje. Bortelaget var litt meir effektive framom mål, men heimelaget hadde og sine store sjansar, og då spesielt på corner. Her er det tydeleg at trenar Jens Nervik har «drilla» offensiv corner. Då dommar Sondre Nes bles av kampen for full tid var det naboane frå Kvass/ulvungen som jubla høgast. Men ein jamn og artig kamp for oss som såg på. 

Søya/Todalen sine mål vart scora av Anna Vikan 2 og Natalie Astrid Brusethaug 1.

Ein av mange «farlege» cornarar for heimelaget. Foto: B G Ansnes

Desse spela kampen: Martine T. Øyen, Anna Vikan, Mia Kvande, Solveig Andersen, Sigrid N. Grønnes, Oda Helene Kvendset og Natalie Astrid Brusethaug. 

Sesongens siste heimekamp for Søya/Todalen J9/10 blir spela torsdag 24.september kl. 18:00 på Bordholmen stadion mot Surnadal. Eit nytt nabo-oppgjer med andre ord!

Først publisert: 22. september 2020, 19:58 - Sist oppdatert: 23. september 2020, 02:27