Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2020

Vi fann 114 artiklar i dette arkivet.


Informerer om smittevern i butikken.

Jon Olav Ørsal Måndag 2. mars 2020

På Matkroken Todalen er plakaten om smittevern på plass på butikkdøra, fortel handelsmann Nordvik. Det er eigentleg ein «føre var-plakat» som Folkehelseinstituttet står attafor som distribueres frå Coop sentralt. Coop har sent ut info til sine butikker og korleis ein skal handtere situasjonen som har oppstått rundt «Corona-viruset» som vi etterkvart kjenner frå media.


Torsdag: Surnadal Sparebanks næringslivsdag

Jon Olav Ørsal Måndag 2. mars 2020

Har du tenkt deg til å delta på Surnadal Sparebanks næringslivsdag så begynner det å haste med påmelding.  Surnadal Sparebanks Næringslivsdag 2020 arrangeres 5. mars kl. 09.00 – 16.00 i Surnadal kulturhus. Som vanlig er det mange interessante innledere som kommer til årets næringslivsdag – vi kan bare nevne Gjert Ingebrigtsen – og så lokkes det med ny konferansier som i år er Marianne Meløy.


Trimrenn i Strengentrasséen

Elinor Bolme Sundag 1. mars 2020

Skigruppa i IL Søya inviterer til trimrenn førstkommende søndag. Rennet går i Strengentraseen retning Stangvikfjella, med endestasjon Klåberget.

Arrangøren har sett opp tre ulike turmål for rennet, etter ferdigheter og motivasjon


Kløvertur- blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 1. mars 2020

Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 2. mars. Oppmøte ved Matkroken Todalen og turstart derifrå kl. 11:00.

Tur  etter  skogsvegen i Øyalia


Inviterer til fellesskapskveld på kyrkjelydshuset

Jon Olav Ørsal Sundag 1. mars 2020

Kyrkja i Surnadal inviterer til fellessapskveld på kyrkjelydshuset (1. etg.) torsdag 5. mars kl. 19:00 – 20:30. Denne kvelden byr på eit innlegg frå Gunnhild og Johannes Skjerdal med tema «Vandring i Bibelens land ». – Etterpå blir det tid til prat med kvarandre rundt borda.
Det bys på enkel servering, og du blir oppfordra til å ta med deg ein ven.


Aksjon for Kirkens Nødhjelp

Bernt G. Bøe Sundag 1. mars 2020

Tysdag 31. mars skjer årets fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp. Også  i kyrkjesokna på Nordmøre går konfirmantar og andre frivillige og frå dør til dør med dei kjente bøssene. 40.000 bøsseberarar frå 1200 norske menigheter deltek landet over. Innsamlinga har dei siste åra skaffa rundt 35 millionar kroner til Kirkens Nødhjelp. Nest etter den årlege TV-aksjonen er dette landets største innsamlingsaksjon.