Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aksjon for Kirkens Nødhjelp

Bernt G. Bøe Sundag 1. mars 2020

Tysdag 31. mars skjer årets fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp. Også  i kyrkjesokna på Nordmøre går konfirmantar og andre frivillige og frå dør til dør med dei kjente bøssene. 40.000 bøsseberarar frå 1200 norske menigheter deltek landet over. Innsamlinga har dei siste åra skaffa rundt 35 millionar kroner til Kirkens Nødhjelp. Nest etter den årlege TV-aksjonen er dette landets største innsamlingsaksjon.

Langsiktig og rask innsats
Organisasjonen brukar midlane både til langsiktig nødhjelp og til fleksibel og rask innsats når det oppstår katastrofesituasjonar rundt i verda.KN fokuserer elles på årsakene til fattigdom og konfliktar og øver bevisst politisk påtrykk – ikkje minst for betre innsats i klimaarbeidet landa imellom. I samband med fasteaksjonen skjer også ein underskriftskampanje med dette formålet.
Rein og trygg vassforsyning er viktig satsingsområde. Mangel på nok og godt vatn er bant hovudårsakene til at 1,8 millionar barn dør kvart år. Som eksempel på tiltak kan Kirkens Nødhjelp vise at ein nybygd brønn i Etiopia no sikrar sunn vassforsyning til heile 8000 menneske.

Behov for  frivillige
Sokna rundt på Nordmøre har sidan 1980-talet delteke i den årvisse fasteaksjonen. Som regel er det konfirmantane som går frå hus til hus med bøssene. Men også sokneråda og mange frivillige elles er med – ikkje minst konfirmantforeldre som sjåførar.
 I Åsskard er det for eksempel ingen konfirmantar i år, så der oppfordrar soknerådet til ekstra frivillig innsats denne gongen.
 
Ulike betalingsmåtar
Publikum blir bedne om å ha kontantar klare på aksjonsdagen. Men gåver kan også gjevast på andre måtar. Hovudsatsing er som tidlegare bøssebesøk dør-til-dør. No er det også vipps-etikett på innsamlingsbøssene, slik at ein kan betale med smarttelefon. Og tekstmelding med kodeeord VANN til 2426 gir 200 kroner til KN. Elles kan ein bruke bankkonto 1594 228 7493 med merknad «Fasteaksjonen». Den som vil, kan registrere seg som fast gjevar til Kirkens Nødhjelp.

Først publisert: 1. mars 2020, 00:01 - Sist oppdatert: 29. februar 2020, 18:34