Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mars, 2020

Vi fann 114 artiklar i dette arkivet.


Tilskotsordningar i Surnadal – tidsfristar

Jon Olav Ørsal Fredag 6. mars 2020

Innafor kulturområdet er det mange forskjellige ting det går an å søke om tilskot til.  Surnadal kommune har laga ein oversikt over dei ymse søknadsfristane som gjeld, slik at det er oversiktleg og greit å orientere seg i for lag og organisasjonar.


Rute 46: Kansellerte avgangar

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mars 2020

Rute 46 Kvanne – Rykkjem:  Avgang frå Kvanne kl 23:25 og frå Rykkjem kl 23:35, samt avgang frå Kvanne kl 05:15 og frå Rykkjem kl 05:30 fredag morgon, vert innstilt grunna tekniske problem, melder Fjord1 torsdag kveld.


Næringslivsdag med solid og variert program

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mars 2020

Surnadal Sparebanks næringslivsdag er vel i hamn, og må vel seiast å være ein suksess. Godt over 200 deltakarar var samla i Storstua da banksjef Allan Troelsen kunne ønskje velkomen til årets konferanse som er nr 19 i rekkja. Banksjefen kan i år legge fram tidenes beste resultat for banken, og gestikulerte litt med kva som skal til for å lykkes før han introduserte årets konferansier som var Marianne Meløy.


Svinvik Gard fikk utviklingsprisen

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mars 2020

Svinvik Gard – Kristina og Tore Svinvik – fikk årets utviklingspris som vart utdelt på Næringslivdagen som Surnadal Sparebank arrangerte torsdag. Godt over 200 deltakarar var samla til årets næringslivsdag i kulturhuset da ekteparet som saman har satsa på restaurantdrift heime på Svinvik Gard vart overraska med utviklingsprisen som består av diplom og gavesjekk på kr 30.000.


Gjer klart til vegarbeid

Dordi Jorunn Halle Onsdag 4. mars 2020

Når ein passerer Brusetbrua, ser ein at krattskogen langs Toåa på nordsida er borte, og det står skilt om vegarbeid. Skogen blir rydda langs vegen for å gjere klart til vegarbeid. Vegen frå Brusetbrua heilt inn til Romåbrua skal utvidast og utbetrast. Slik vegen er no, er han for smal og svak til å tåle nye og moderne landbruksmaskiner og tømmertransport.


Øyalia – fint turområde

Dordi Jorunn Halle Onsdag 4. mars 2020

Oppover Øyalia går det ein fin skogsveg som er godt eigna til turgåing både sommar og vinter. Det er fin stigning med slake bakkar, men bratte nok til at ein kan få opp pulsen. Vegen går i store svingar oppover lia, slik at det blir utsikt ulike retningar mot bygda og fjella. 


Talgø sett inn tiltak mot Corona-viruset

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. mars 2020

Ledelsen i Talgø har den siste tida vurdert risikoen som er relatert til utbruddet av Coronaviruset (COVI 19), og har i dag beslutta å innføre restriksjonar for å beskytte tilsette og for å unngå driftsstans som følge av at mange kan bli sjuke samtidig. 


Bli med på jegerprøvekurs nå i vår

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. mars 2020

Surnadal jeger og fiskerforening holder jegerprøvekurs over to helger: 27.-29.mars og helga 03.-05.april. Oppstart 27.03 kl. 18.00 på Surnadal vidaregåande skole. Slik melder du deg på:


Årsmøte i Nordvik grendalag

Sverre Kjølstad Tysdag 3. mars 2020

I overkant av 20 personer møtte fram da Nordvik Grendalag avviklet sitt årsmøte i forsamlingshuset mandag kveld. Leder Karin Åsbø ønsket velkommen, og gjekk rett over på saklisten. Godkjenning av innkalling og sakliste ble vedtatt uten anmerkning, og til ordstyrer og referent ble leder og sekretær valgt. Årsmeldingen ble referert av sekretær Lisabeth Sæterbø, og regnskapet av kasserer Tore Svinvik. Begge godkjent uten bemerkning.


Årsmøte i Todalen historielag

Dordi Jorunn Halle Tysdag 3. mars 2020

Todalen historielag held årsmøte i Ungdomshuset tysdag 24. mars kl. 19:30. Det blir vanlege årsmøtesaker, servering av kveldsmat og bilete frå fotoarkivet på storskjerm. Alle er velkomne!

Sjå fleire opplysningar her:


Behov for fleire redaktørar

Elinor Bolme Måndag 2. mars 2020

-Vi treng fleire skribentar til Todalen.no, da ein av dei faste redaktørene no har meldt om  tidleg pensjon, seier styreleiar Stig Husby etter gårsdagens styremøte. Han og resten av styret er dermed avhengig av rekruttering innan året er omme slik at nettportalen fortsatt skal levere levande og interessant stoff for sine mange lesarar i og utanfor bygda.


Ny runde med kampsporttrening

Elinor Bolme Måndag 2. mars 2020

Dei kommande tre onsdagane framover blir det arrangert kampsporttrening i gymsalen på skulen igjen. Instruktør Anders Braaten Raaen stiller for nye runder med den populære aktiviteten, som blir tilpassa dei ulike alderstrinna som møter opp.