Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2019

Vi fann 73 artiklar i dette arkivet.

Side 1 av 712345...Siste »

New look for Byggfirma Olav Haugen AS

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. mai 2019

Byggfirma Olav Haugen AS har fått ny logo og «new look» i disse dagar. Dette vil nok etter kvart bli synleg både på bilar, byggeplasskilt, arbeidsklede og sjølvsagt i annonsering.


Kickstart på valgkampen

Elinor Bolme Laurdag 25. mai 2019

Til hausten er det nytt kommunevalg og fleire av lokalpartia byrjar no å røre på seg. Surnadal Arbeiderparti har saman med resten av lokallaga i Møre og Romsdal kickoff på årets valgkampkampanje. Dei var derfor ute på stand på Skei ved Coop i dag og delte ut sine tradisjonelle roser og ikkje minst prata med […]



Planlegging av hovedinnfallsport til Trollheimen

Elinor Bolme Laurdag 25. mai 2019

Verneorådet i Trollheimen inviterer til møte og befaring vedrørande Surnadal kommune sin bestemmelse om at Todalen skal være kommunens hovedinnfallsport til Trollheimen. Dette skal være ein plass som egnar seg til kortare turar/opphald, og som har god tilgang til parkering. Det er ønske om at desse plassane skal ha ein høg grad av tilretteleggjing både […]


Siste Fredrikkekaffe før ferien!

Dordi Jorunn Halle Fredag 24. mai 2019

Laurdag 25. mai inviterer Todalen Sanitetsforening til sesongens siste strikkekaffe i Sanitetshuset frå kl 13.00- 16.00. Alle er velkomne!


Triveleg stavgangtur til Stangvika

Wenche Kvendset Torsdag 23. mai 2019

I dag dro trimmerne i Surnadal pensjonistlag tur til Stangvika. Vi kjørte oppover et stykke, og tok så beina fatt – og fikk opp pusten. Været var litt grått, men som vanlig var humøret på topp.


No blir det frivilligsentral i Surnadal kommune

Dordi Jorunn Halle Torsdag 23. mai 2019

Det har ei tid vore arbeidd med å få på plass frivilligsentral i Surnadal kommune, og no nærmar det seg oppstart. Hilde Staveli Solli er dagleg leiar, og ho kan fortelje at no er eit interimsstyre på plass og likeså er lokala snart klare. Dermed blir det opning av frivilligsentralen på Skei når hausten kjem.


Blomstringa nærmar seg toppen

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. mai 2019

Det er no full flor i hagen på Svinviks arboret. Varmen vi har hatt dei siste dagane har gjort at blomstringa har skote fart, men med litt kaldare vêr dei neste dagane no nå vil vi nok kunne nyte rododendronblomstringa ei god stund enno, seier Katarina Wedelsbäck Bladh ved Svinviks arboret.


«Sikker på sykkel» i regi NAF

Elinor Bolme Onsdag 22. mai 2019

Dei siste vekene har det på fleire av skulane i rundt om vore fokus på trygg og sikker ferdsel på sykkel i regi av NAF. NAF sitt mannskap har vore ute på skulane med eit opplæringsopplegg, der ungane skal  lære seg å ferdast ute i trafikken med eit opplegg dei har kalla «Sikker på sykkel»  Dette er eit ledd i å nå krava i opplæringslova, som kanskje ikkje alle skulane har nok fokus på.


Kva skjer med Todalsvegen – FV671 ?

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. mai 2019

Du har kanskje lagt merke til at vegnummeret er teipa over på alle skilta med vegnummer 671. Kva er det eigentleg som skjer med Todalsvegen? Vi vart litt nysgjerrig, og sjekket litt på Vegvesenets infoside – www.vegvesen.no og søkte på fylkesveger vegnummer. Da kom forklaringa!


Historielaget inviterer til kulturvandring på Husby

Dordi Jorunn Halle Onsdag 22. mai 2019

Laurdag 1. juni inviterer Todalen historielag til kulturvandring på Husby. Det blir start frå kyrkja kl. 12.00, der er det god plass til parkering. Vandringa vil omfatte Smålandsgrenda, Husbygarden, Fredrikstad, Lauvåskogen og Bekkerhagan. Lokale guidar vil orientere om gammal og nyare historie.


Lokalderby med mange mål

Elinor Bolme Tysdag 21. mai 2019

I kveld var det lokaloppgjør mellom G11 laga Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Sunndal på Bordholmen. Det vart ein målrik kamp, som Sunndal til slutt gjekk seirande ut av. Første omgang var ganske jamn, kor begge laga dominerte kvar sin periode. I andre omgang var Sunndalingane litt heldigare og fekk god utteljing på sjansane sine.


Side 1 av 712345...Siste »