Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Så vart det nye blåser på fjordspennet

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. mai 2019

Det var nok ein luftig jobb for dei som jobba med å skifte ut blåsene på fjordspennet.  Dei gikk ut med ei slags vogn frå Hjellnessida og ganske langt utover.  Ein litt luftig jobb som ein kan seie er typisk finvêrsarbeid, men det må nok gjerast.

Hans Gussiåa frå Statnett og Alvis Spals frå Bjerke Nettbygg hadde ansvaret for lina som skulle dra inn igjen vogna og for at HMS-reglande vart vart fulgt. Foto: Jon Olav Ørsal

Blåsene lever nok eit hardt liv på fjordspennet og fleire av dei har falt ned, slik at dei måtte skiftes ut. Blåsene i plast skal no byttes ut med blåser i aluminium, som skal være meir holdbare.  Ei av blåsene som falt ned for ei tid tilbake var brannskadd, og dei er nok utsatt for lynnedslag her. 

Monteringa av blåser er nok ei nødvendigheit for å markere kablane i fjordspennet for fly- og helikoptertrafikken .

Luftig jobb ute på fjordspennet – blåsene i plast blir no skifta ut med blåser i aluminium. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 29. mai 2019, 15:48