Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2016

Vi fann 79 artiklar i dette arkivet.


2 seirar og 1 tap på tredje dagen

Elinor Bolme Tysdag 2. august 2016

Då har alle laga vi følger her frå Todalen spela sine kampar i dag, under den tredje dagen av Norway Cup. Og i følge ivrige tilskoderar, så har både G13 og J14 vunne sin kamp, medan J 16 no tapte. G13 og J 16 er dermed klare for A-sluttspelet, og J14 for B-sluttspel.


Karin Ford stiller ut på Nordmøre for første gong

Elinor Bolme Tysdag 2. august 2016

Fra kulturavdelingen ved Surnadal kommune har vi fått ei pressemelding om storslagen kunstutstilling av trønderske Karin Ford. Utstillinga åpnar i Finstuå på Skei laurdag 6. august kl. 13.00. Utstillinga vil bli ståande til og med søndag 28. august, skriv Steinar Hasselø i ei pressemelding.


Open pub og «Spansk aften»

Jon Olav Ørsal Måndag 1. august 2016

Pakkhuset Kro melder at det er open pub komande laurdag 6. augst frå kl 21 og utover kvelden. Neste fredag – 12. august er det klart for ein ny omgang med «Spansk aften».  I år som i fjor er det Siri og Frances som er kokkar, og dei tryllar fram mange spanske rettar på Pakkhusets […]


Gutane på G13 med sin 2. seier

Elinor Bolme Måndag 1. august 2016

På Ekeberg er det dag 2 for Norway Cup. Våre lokale lag melder om fortsatt seier og godt vêr i hovedstaden. Kvass/Ulvungen/ Søya/Todalen G13 spela i dag mot Høybråten og Stovner IL og vann med 3-1. Her var det scoringar av Vebjørn Hunnes, Marcus Brein Gikling og Lang Valset. Laget er dermed vidare i A-sluttspelet med ein kamp igjen i morgon.


Torbjørn og Rannveig dreg til Tyrkia på jobb for Sjømannskyrkja

Jon Olav Ørsal Måndag 1. august 2016

Komande torsdag dreg Torbjørn Brøske til Alanya i Tyrkia på jobb som prest for Sjømannskyrkja. Sjømannskyrkja og Utanriksdepartementet seier at det er trygt der, men eg må tilstå et eg er litt spent, seier Torbjørn. Kona Rannveig kjem etter om ei veke, og saman skal dei to drive Sjømannskyrkja i turistbyen Alanya i 5 veker i august og starten på september.


Ein aften med Frode Alnæs

Elinor Bolme Måndag 1. august 2016

Frå Bøfjorden blir vi påminna om storkonsert med Frode Alnæs den 10. september i Bøfjorden grendahus. Billettsalget er no i gang fortel Kay Edvin Sættem Nessæther i ein epost til redaksjonen:


Lokk og trimbok borte

Elinor Bolme Måndag 1. august 2016

Frå Jon Bruset fekk vi før helga tilsendt bilder frå Bjøråskaret der trimboka og lokket på oppbevaringsboksen er fordufta. Det er nok ikkje meir dramatisk enn at vinden har fått for god tak i lokket og teke med seg innhaldet. Plassen der boka er plassert er såpass godt gjømt, at fleire turgåarar ikke har funne denne gjøymeplassen.