Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2016

Vi fann 79 artiklar i dette arkivet.


Søyacupen med kampoppsett klart

Elinor Bolme Måndag 15. august 2016

Årets Søyacup laurdag 27. august ligg an til å bli ein rekordcup, med til no heile 72 påmeldte lag. Allerede no er første versjon av pulje- og kampoppsett klart for alle klassane bortsett frå dei aller yngste (J06/G06) der arrangørane ventar på nokre lag til før kampoppsettet er ferdig.


Våte småfiskarar

Elinor Bolme Sundag 14. august 2016

Fredag kveld inviterte Surnadal jeger- og fiskeforening til fisking og sosialt samvær på Kårvatn. Dessverre var det elendig vêrbruk denne ettermiddagen, så få tok turen oppover til sommarfjøsvollen på fisking og grilling. Elva var i største laget, så det vart heller ingen storfangst. Men eit par stykker var unggutane i kontakt med.


Interessant og triveleg kulturvandring på Årnes

Dordi Jorunn Halle Laurdag 13. august 2016

Laurdag 13. august inviterte Stangvik historielag i lag med årnesgardingane til kulturvanding. Vandrarane møttest ved Grendahuset, veret var ikkje det beste, men dei tretti oppmøtte fekk ein både interessant og triveleg dag. I godt turfølgje merka ein ikkje regnet som sila ned.


Banerekord, igjen!

Elinor Bolme Laurdag 13. august 2016

Redaksjonen har motteke nok eit bevis på ny banerekord på frisbeegolfen på Bordholmen. Ingen tvil om at dette engasjerer dei som driv med sporten, da det denne gongen er ein surnadaling som har sendt oss eit bilde av sin runde. Ove Nortun har dermed rekorden på 21 kast.


I kveld: Konsert med Terje Nordgarden

Elinor Bolme Laurdag 13. august 2016

I kveld er det konsert på Todalshytta. Eric Malling fortel at Terje Nordgarden går på scena uansett vêr og føreforhold. Det er tenkt utekonsert med både spellemann og publikum under tak for eventuelt nedbør. yr.no lovar betring til kvelden, så verre enn det er no på formiddagen skal godt gjerast å tangere. Uansett vil Malling ha peisestua klar om vêret ikkje bedrar seg. For konsert blir det!


No begynner det å haste med skyteprøve…

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. august 2016

Har du fått gjort unna skyteprøven før hustjakta startar? Det er no 3 måndagskveldar att med skyteprøve på skytebanen i Ranheimsvingen. To av dei kveldane er du nødd til å møte på skytebanen for å skyte 3o treningsskott før skyteprøven kan gjennomførast. Det blir arrangert skyteprøve dei 3 måndagskveldane som er att i august – […]


Stort jubileum på golfbanen i dag

Elinor Bolme Laurdag 13. august 2016

I dag arrangerer Surnadal Golfklubb sitt 10 årsjubileum med storstilt golfturnering og åpen dag på golfbanen på Kvanne. Her er over 50 påmeldte spelarar frå både Trøndelag og store deler av Møre og Romsdal til til turneringa som startar no klokka 11. Turneringa er estimert til å vare i ca 5 timar for dei som er påmeldt der, men publikum er også velkomne til å sjå, og ikkje minst prøve seg sjølv. Klubben har lagt opp til fleire familievenlege aktivitetar på golfbanen denne dagen, så dei håpar mange te ein tur for å være med på jubileet.


Lokaloppgjør avlyst

Elinor Bolme Fredag 12. august 2016

Knut Bergli i fotballgruppa melder om at den tidlegare omtala fotballkampen i morgon mellom Todalen og Søya er utsett til eit seinare tidspunkt. Grunna kraftig regn er banen midlertidig stengt.


Ny banerekord

Elinor Bolme Torsdag 11. august 2016

I ettermiddag dumpa det ned ein epost om ny banerekord på frisbeegolfbanen på Bordholmen. Som nemnt tidlegare var banerekorden på 23 kast. Eit snitt på 2,55 kast per korg. No med eit snitt på 2,44, og 5 under par som de ser av oppsettet under.


Nytt fjøs på ein dag….

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. august 2016

Litt overdrevet det da kanskje, men veggane kom iallfall opp på ein dag. Det er i Austistua det pågår bygging av nytt mjølkefjøs i sommar, og etter at grunnarbeid og fundamentering er gjort unna var det onsdag klart for å få på plass veggelemente som er produsert hos MøreRoyal i Surnadal. På føremiddagen i går dukka det opp eit stort vogntog, som hadde mesteparten av veggelementa på lasset.


Surnadal JFF – Elvefiske på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. august 2016

Tradisjonen tru – ein ny dag med elvefiske i regi Surnadal Jeger og fiskerforening. Dei inviterer til treff på Sommarfjøsvollen fredag 12. august i tidrommet 18-20.  Her blir det servering av grillmat ved gapahuken, melder Surnadal JFF.  Ta med fiskeutstyr dersom du har – eller kan du få låne utstyr slik at alle skal få prøve […]


Årets lokaloppgjør?

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. august 2016

Laurdag er det dags for sommarens store lokaloppgjør på Bordholmen. – Da braker Todalen (A-lag/Old boys) saman med Søya, med Terje Nordvik som myndig og upartisk dommar.