Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Våte småfiskarar

Elinor Bolme Sundag 14. august 2016

Fredag kveld inviterte Surnadal jeger- og fiskeforening til fisking og sosialt samvær på Kårvatn. Dessverre var det elendig vêrbruk denne ettermiddagen, så få tok turen oppover til sommarfjøsvollen på fisking og grilling. Elva var i største laget, så det vart heller ingen storfangst. Men eit par stykker var unggutane i kontakt med.

thumb_IMG_1673_1024

Unggutane fekk kyndig hjelp av erfarne fiskarar. Stor elv og tett på lauvskog gjorde at det var litt vanskeleg å få dreisen på kastinga.

 

thumb_IMG_1677_1024

Gøran Bolme og Ola Vikan fiskar med mark, og opplæring i korleis tre på mark var obligatorisk.

 

thumb_IMG_1685_1024

Berit Kårvatn, ein erfaren fiskar frå Sommarvollbrua viser Markus Bolme dei beste plassane ein kunne fått fisk på.

 

thumb_IMG_1687_1024

Ola Røe og Rune Forslund hadde fyringsvakt, og små fingrar behøvde litt varme undervegs. Ola og Rune serverte grilla pølser, stekt sei og naturleg vis bålkaffe.

 

thumb_IMG_1680_1024

Eit elendig bilde, men historia i rundt er artig; underteikna skulle imponere med gamle kasteferdigheiter som gikk rett til skogs… Gøran Bolme forlot sin fiskekompis Ola på brua for å klive opp i treet og løsne kroken. Stakkars Ola fekk fisk på kroken og i forfjamselsen med onkel i treet og ei vilt framand kjerring som prøvde å hjelpe til, medan ho tok bilde, resulterte i at den vesle steta nesten vart veiva i inn i snella. Kroken berga, men fisken mista vi…

 

Publisert: 14. august 2016, 01:15