Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

2 seirar og 1 tap på tredje dagen

Elinor Bolme Tysdag 2. august 2016

Då har alle laga vi følger her frå Todalen spela sine kampar i dag, under den tredje dagen av Norway Cup. Og i følge ivrige tilskoderar, så har både G13 og J14 vunne sin kamp, medan J 16 no tapte. G13 og J 16 er dermed klare for A-sluttspelet, og J14 for B-sluttspel.

KUST G13 vann komfortabelt 4-1 over dagens motstandar Sannindal og leiar dermed si gruppe. Målscorarar i dag var Lang Valset (3) og Lasse Vaseng Hansen. Imponerende seiersrekke i gruppespillet. Neste kamp blir 1/32-finale på Furuset onsdag kveld kl 19.40.

STUK J14 møtte Søndre Land IL i sin tredje og avgjørande kamp med tanke på plassering i pulja og vidare avansement i B-sluttspillet. Jentene slo til og vant heile 5-1. Måla ved Johanne Andersen (3), Tyra Hyldbakk og Oda Bæverfjord. Dei går dermed direkte til 1/16-finale i B-sluttspillet på Rustad kl 11.40 i morgon.

img-4415

Jentene klare for kamp. Foto Kristin Bæverfjord.

STUK J16 er no også ferdige med sin kamp på Valle Hovin, og det meldes om eit 2-0 tap mot Bryne. Jentene landa dermed på ein fin 2. plass i si pulje og går vidare til A-sluttspel og kamp i morgon kl 13.15.

13879447_1785355888368032_6847947398330279164_n

I går var jentene på J16 med Emma Sæter i spissen intervjua av NRK M&R. Dette innslaget kan du høyre her:Rapport frå Norway Cup

Sjå fleire bilder på IL Søya si heimeside

Frå Surnadal IL si Facebookside finn vi desse resultata for tirsdagens spel:

G16: Åsane 1-Surnadal 1 0-0
G14: Surnadal-Storsteinnes 1-1
J14: Surnadal-Rosendal/Uskedal 0-1
G16: Surnadal 2-Alvdal 0-0
G19: Surnadal/Rindal-Fjellhamar 1-4

Surnadal J13 og Surnadal/Søya/Todalen J19 har spelefri tysdag.

Først publisert: 2. august 2016, 17:17 - Sist oppdatert: 3. august 2016, 00:10