Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2015

Vi fann 74 artiklar i dette arkivet.


Stem på månadens bilete for juni

Ole Petter Talgø Laurdag 11. juli 2015

Ferietida er over oss, men vi vil sjølvsagt servere dagens bilete utover sommaren også. Det betyr at vi vil gjerne ha bilete frå ferien både fjern og nær. No skal vi finne vinnaren av månadens bilete for juni. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden!


Terje Nordgarden – tilbake i Todalen for å halde konsert

Jon Olav Ørsal Fredag 10. juli 2015

Terje Nordgarden er «komen i hus» på Todalshytta, klar for friluftskonsert på bakkan framfor hytta laurdag kveld. Denne gongen har han teke med familien, kona Sabrina og dotra Maya på 3 år, for å ta fri nokre dagar og nyte todalsnaturen. Terje var her på låtskrivarseminar for ein månadstid sia, og vi fekk da eit par smakebitar med han under felleskonserten på Gammelfabrikken – Raus 2015.


Når går Hønhalsen…?

Jon Olav Ørsal Fredag 10. juli 2015

Normalt går hønhalsen over i juni, enkelte gong tidleg i juni og det kan sågar skje i slutten av mai. Kva som er normalt veit ikkje vi, men kanskje mot midta av juni ein gong? Mot normalt er det iallfall i år, for i dag skriv vi 10. juli – men no er det straks før at det skjer, ser det ut til! Følg med!


Kvanne – Rykkjem ute av drift

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. juli 2015

Rute 46 Kvanne – Rykkjem:  Sambandet er midlertidlig ute av drift grunna tekniske problemer, meldes det kl 17.21.  Fjord 1 reknar med normal drift på ruta frå avgangen frå Rykkjem kl 17.45, melder Fjord1


52/17 til Mjølkeplassen og Åkvikknoken i Halsa

Elinor Bolme Torsdag 9. juli 2015

Førstkommende søndag kl 12 er det klart for nok ein søndagstur. Denne gongen går turen til Mjølkeplassen på Halsa. Ein kort tur på ca 350 m med litt stigning opp fra Halsasaga etter grusvei. (Fullt mulig å trille vogn opp f.eks.) Det blir arrangerert fellestur til Aakvik Knoken fra Mjølkeplassen.


Sommarjobb i parken

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. juli 2015

Kjekt å tjene seg nokre kroner for å spe på feriepengane, tykte Steinar og Frikk som har fått seg sommarjobb i parkanlegget ved Gammelfabrikken. Dei to kompisane var i full jobb med å førebu planting av rododendron i området mellom gammelfabrikken og dammen oppe i skråninga ovafor. Eit trettital rodensdron skal plantast ut, og jobben […]


Bekjemp svartelista artar

Elinor Bolme Torsdag 9. juli 2015

Spreiing av framande skadelege planteartar utgjer ein stor trussel mot naturmangfaldet, t.d. kan naturleg stadeigne artar bli utkonkurrert og utrydda. I Norge utgjer dette ein økologisk risiko som har gjort at miljøforvaltninga for tida har temaet høgt oppe på dagsorden. Surnadal kommune har i 2015 fått kr. 30 000 frå fylkesmannen i Møre og Romsdal til kartlegging av kjempespringfrø, parkslirekne og rynkerose.


Kun 2 lag manglar på 60 påmeldte

Elinor Bolme Onsdag 8. juli 2015

Søyacupen er no så å seie fulltegna. I skrivande stund er det registrert 58 påmeldte lag frå 15 ulike klubbar. Naturleg vis mange lokale, men også noko litt lengre i frå, som Frei, Molde, Svorkmo og Vestbyen IL frå Trondheim.


Tysdag er lik balldag

Dordi Jorunn Halle Tysdag 7. juli 2015

Kvar tysdag blir det servert potetball på Todalshytta. Dagens ball smaka riktig så godt, og det var både rikeleg og godt tilbehør! Gjestene kosa seg med god mat, og i tillegg vart det triveleg prat og sjølvsagt litt diskusjon. Eric Malling stod for serveringa, medan Jan Larsen var ny assistent på kjøkkenet. Han er flink […]


Så kom vårløysinga, litt forsinka…

Jon Olav Ørsal Måndag 6. juli 2015

Regnvêret som kom måndag ettermiddag sette fart på snøsmeltinga i høgfjellet. Frå ei vassføring ved Storfossen på rundt 18 m3/sek i 12-tida måndag passerte den 55 m3/sek i 20-tida, og har fortsett å stige etter det. Yr.no melder om regnvêr utover natta, men temperaturen er dalende og vil nok kome ned i 6-8 grader i høgfjellet og det vil nok dempe snøsmeltinga.


Har du ein gamal «Snøgg» eller «Svalen»

Jon Olav Ørsal Måndag 6. juli 2015

I dag fikk eg uventa besøk frå Åndalsnes. Det var Magnar Øverland frå Vestnes som stakk innom, på ein rundtur i distriktet for å samle gamal sykkelhistorie. Det har seg nemleg slik at min bestefar, Olav O. Halle, dreiv med montering, salg og reparasjonar av syklar. Sykkelentusiasten Øverland var på søken etter meir informasjon om og eventuelt gamle syklar med merket påmontert.


Populært med Stikk UT!

Dordi Jorunn Halle Måndag 6. juli 2015

Stikk UT-opplegget til Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal fører til stor trimaktivitet. Her i bygda er det to trimpostar, ein på Storhaugen og ein ute i Gammelvegen. Søndag 5.juli var det registrert 468 turar på Storhaugen, og i boka for Svinvikrunden er det notert heile 924 turar frå første mai og fram til no! Det må […]