Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2014

Vi fann 72 artiklar i dette arkivet.


I rute til jul?

Elinor Bolme Sundag 23. november 2014

Førstkommande laurdag er det muligheiter til å komme både i julestemning, og ikkje minst få unna litt juleforberedelsar om ein tek turen til Kårvatn. Her blir det nemleg rå for julekortfotografering på stabburet, med Kristine Saksen Ulvund i Studio Saksen. Ho kjem til å rigge seg til der med slede og fotoutstyr, slik at den som ønsker får hjelp til å gjere ferdig årets julekort på 1-2-3!


Varma jegrane med svele og gløgg

Jon Olav Ørsal Sundag 23. november 2014

Vi har tidlegare omtale todalingane og andre som jaktar på storvilt i Engdal og Rodal. Laurdag vart det lite resultat av jakta, men derimot venta det ei lita overrasking når dei kom att til «base camp» i garasjen til Kjell Furnes….


Snøkanon: Endeleg vart det snøproduksjon

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. november 2014

Dei minste har nok venta på snøen no, men vêrgudane har halde igjen, – og tykkjer nok det er litt tidleg enno. Da gjeld det å ta saka i egne hengder og lage snø, slik som «snømakarane» Knut Bergli og Finn Ranes har gjort. Laurdag vart det endeleg kuldegrader nok til å prøvekjøre den nye snøkanonen, – og produsere den første snøen. Snøkanonen er eit samarbeidsprosjekt mellom FAU, Todalen Idrettslag og Todalen oppvekstsenter.


Snart juleferie på dametrimmen

Elinor Bolme Laurdag 22. november 2014

Dametrimmen orienterer om at torsdagens trim utgår. Neste trimkveld blir dermed torsdag 4. desember kl 20.00. Siste kveld før jul er 11. desember.


Julemeny på Eldremiddagen

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. november 2014

Komande onsdag er det tradisjonell julemeny på Eldremiddagen, fortel Reidun Østvik til Todalen.no. Den startar til vanleg til, kl 13.00 og ho håpar at mange tek seg tid til å ta del i den siste eldremiddagen før jul. Som vanleg er det fint om du tek ein kontakt på telefon 91337168 eller 41422604.


Ny Vårsøghelg med storsatsing

Jon Olav Ørsal Fredag 21. november 2014

På ein pressekonferanse torsdag vart pressa orientert om Vårsøghelga 2015 – den 20. i rekkja. Dagleg leiar Gerd Ingrid Kvendset presenterte programmet i grove trekk – i tillegg til store endringar som blir gjennomført for Vårsøghelga 2015. Til neste års arrangement har Kvendset fått mange store namn på blokka – aller størst er vel Arve Tellefsen som kjem til Kleivakvelden – vi har lenge hatt lyst til å høyre han i samspel med Henning Sommero, John Pål Inderberg og fleire til på Kleivascena.


Ferske nyheiter til sals

Jon Olav Ørsal Fredag 21. november 2014

I dag er det premiere for den nye avisa som 5-7 klasse ved Todalen oppvekstsenter har laga. redaksjonsmedlemane hadde rigga seg til på Matkroken, der dei byr fram den flotte avisa til dei som stikk innom butikken. Vi har kika gjennom avisa som er trykt i fargar på alle sidene, og anbefaler alle å kjøpe – og lese TA-Avisa. Fredag foregår salet fram til kl 14 og laurdag er det folk tilstades mellom kl 12 og 15.


Kunnskapsrik museumsmann på besøk

Jon Olav Ørsal Fredag 21. november 2014

Torsdag kveld arrangerte Stangvik historielag kåserikveld på Stangvik skule. Det var den pensjonerte museumsmannen Bjørn Austigard som var invitert til å halde foredrag, og eit stort 40-tals historieinteresserte hadde funne vegen til foajen på Stangvik oppvekstsenter. Sjølv om Austigard no har pensjonert seg etter 35 år som leiar ved Romsdalsmuseet er han framleis engasjert og interessert i historia og er mykje nytta som kåsør og fagmann.


Medlemsmøte i Surnadal AP

Elinor Bolme Fredag 21. november 2014

Onsdag 26.11.14. Kl. 19.00 inviterer Surnadal Arbeiderparti til medlemsmøte på Kantina ved surnadal sjukehim.


Snart tomt for jubileumskalenderen

Elinor Bolme Fredag 21. november 2014

Vi har fortsatt ei 20-tals almanakkar i hendig format på lager om nokon skulle ha behov for å sortere dagane som kjem på nyåret. Prisen er berre 50,- og det er berre å ta kontakt med Mari Brusethaug Redalen (95 92 45 45) eller Elinor Bolme (90 19 62 68) for bestillingar.


«Trollheimsmoskusen» er skoten

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. november 2014

Moskusen som for nokre veker sia vart observert i Dalabotnan ved Kårvatn var onsdag skoten i Rennebu. Den har etter kvart vorte døypt Trollheimsmoskusen, på grunn av si vandring i Trollheimen dei siste vekene. Den vart observert på Hjellnes i Todalen, og etter kvart i Vindøldalen, men onsdag var det altså slutt da den vart skoten ved Grindal i Rennebu.


God gammaldags basar

Elinor Bolme Torsdag 20. november 2014

Stangvik grendalag inviterer til basar og tombola laurdag 22. november kl. 16.00. Den siste tida har strikkepinnane, heklenålene, symaskinene og snikkarutstyret vore i full sving for å laga gevinstar til tombolaen. Her kan ein vinne julepynt, hyller og mykje anna. Elles blir det som vanleg eit stort basarbord med mange flotte gevinstar.