Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny Vårsøghelg med storsatsing

Jon Olav Ørsal Fredag 21. november 2014

På ein pressekonferanse torsdag vart pressa orientert om Vårsøghelga 2015 – den 20. i rekkja. Dagleg leiar Gerd Ingrid Kvendset presenterte programmet i grove trekk – i tillegg til store endringar som blir gjennomført for Vårsøghelga 2015.  Til neste års arrangement har Kvendset fått mange store namn på blokka – aller størst er vel Arve Tellefsen som kjem til Kleivakvelden –  vi har lenge hatt lyst til å høyre han i samspel med Henning Sommero, John Pål Inderberg og fleire til på Kleivascena.

Men Trondheim symfoniorkester har også stått på ønskelista – no kjem dei til Storstua, med solistar, og vi kan berre gle oss til den førestillinga. Søndag er det Nidarosdomens gutekor i Stangvik kyrkje  som toppar programmet.  Opninga av Vårsøghelga skjer som tidlegare på torsdag ettermiddag i samband med opninga av kunstutstillinga. Årets Vårsøgkunstnar er ingen ringare enn Håkon Bleken. Kunstutstillinga blir arrangert i tett samarbeid med Surnadal kunstforening.

Flyttar både helg og kveld
Vårsøghelga blir lagt til siste helg i mai – 28. – 31. mai 2015 – og altså ikkje i pinsehelga som tidlegare praksis. Dette håper vi blir bra, og det blir eit spennandeopplegg å prøve ut, seier Kvendset. Du kan lese meir om satsinga til Vårsøghelga på Driva.no.

 

Publisert: 21. november 2014, 15:41