Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Trollheimsmoskusen» er skoten

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. november 2014

Moskusen som for nokre veker sia vart observert i Dalabotnan ved Kårvatn var onsdag skoten i Rennebu. Den har etter kvart vorte døypt Trollheimsmoskusen, på grunn av si vandring i Trollheimen dei siste vekene. Den vart observert på Hjellnes i Todalen, og etter kvart i Vindøldalen, men onsdag var det altså slutt da den vart skoten ved Grindal i Rennebu.

Det var ein skyttar frå fallviltgruppa i viltnemnda i Rennebu som felte moskuskua etter at dei hadde fått mange meldingar om at den hadde opphald i området ved Grindal. Moskuskua vart avliva fordi den var ute av kjerneområdet i lengre tid, og det såg ikkje ut som den ville vandre attende, uttalar Tor bretten i Statens naturoppsyn til nettstaden opp.no.

 

Publisert: 20. november 2014, 11:45