Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julemeny på Eldremiddagen

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. november 2014

Komande onsdag er det tradisjonell julemeny på Eldremiddagen, fortel Reidun Østvik til Todalen.no. Den startar til vanleg til, kl 13.00 og ho håpar at mange tek seg tid til å ta del i den siste eldremiddagen før jul. Som vanleg er det fint om du tek ein kontakt på telefon 91337168 eller 41422604.

No tek altså Eldremiddagen ein lang juleferie til over nyttår, og Reidun nyttar høvet til å takke for god oppsluttning i året som er gått. Sjølv om det enno er lenge igjen til jul vil ho ønskje alle ei riktig god jul!

 

Publisert: 22. november 2014, 10:54