Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2014

Vi fann 76 artiklar i dette arkivet.

Side 3 av 712345...Siste »

Full fres på 7 banar

Elinor Bolme Laurdag 23. august 2014

Søyacupen 2014 er nå i gang, og Søyabanen yrer av folk no på formiddagen. Kampar på 7 banar med 59 lag gjer at dette blir ein spennande dag for mange håpefulle spelarar.


Til Nordmarka og hyttebesøk hos Ingolf

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. august 2014

Torsdag 21. august møttest 26 stavgangarar frå Surnadal Pensjonistlag på Nordsida av Dønnembrua, køyrde opp Dalseggvegen og parkerte i nærleiken av hytta til Ingolf Dønnem. Marsjruta var utover Nordmarka til Krokvatnet, og merkeleg nok heldt vêret seg til vi mest var komne attende til hytta før dei første regndropane dala ned i hovudet på oss.


Sauesanking – må rekne med tap

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. august 2014

Bjørn Kvendset har sauene på fjellbeite på sørfjellet. Majoriteten går oppe i Kjerringa, men det er spredning frå Vassnebba til Veltet på flokken som i år tel 170 dyr, med smått og stort. Dei siste vekene er rundt 110 dyr komne att frå fjellbeite av seg sjølve. Bjørn var litt usikker på kva som var årsak til det, men han trur det er dårleg vêr og dårleg beite – og ikkje rovdyrproblema som er direkte årsak til det. Med den fine og tørre sumaren er beitet alt skjemt – graset er brunt i fjellet, og da fristar nok dei grøne ekrene heime meir.


MøreRoyalproduksjon på høggir…

Jon Olav Ørsal Fredag 22. august 2014

På MøreTre går produksjonen av MøreRoyal-produkt for fullt, og det kjem den til å fortsette med utover hausten og vinteren, fortel produksjonsleiar Roar Nordvik. Etter ein hektisk sesong med rundt 25% økning på MøreRoyal, er det framleis full produksjon både på det nye og gamle produksjonsanlegget.


Jan Vidar dreg til Canada for eit år…

Jon Olav Ørsal Fredag 22. august 2014

Todalingane dreg ut i verda som aldri før! Nummer to berre denne veka er Jan Vidar Øyen, som dreg til Kamloops i Canada for eit år. Der skal han fullføre utdanninga si og forhåpentleg vis ha med seg ein bachelor i friluft- og fjellsport når han rundar av året i Canada og kjem att i juni neste år.


Sommarmodusen er borte, vi er klare for nye aktivitetar

Elinor Bolme Onsdag 20. august 2014

No når skulen har starta opp att byrjar også dei fleste fritidsaktiviteter oppatt etter ein litt lengre sommarferie. Friidrettsgruppa melder om at dei starter oppatt «haust-runden» med lagseriestevner på Bordholdmen, på søndager kl 17.00. Dei følgjer samme lest som før ferien.


Ny biblioteksesong

Elinor Bolme Onsdag 20. august 2014

Bibliotekar Karen Johanne Talgø ved Surnadal folkebibliotek avdeling Todalen, melder om at biblioteket åpnar dørene for utlån igjen. Åpningstidene følgjer skuleruta, og startar oppatt allerede i morgon kl 18-20.


Fotografering til dei nye bygdebøkene i Stangvik

Elinor Bolme Onsdag 20. august 2014

Folk frå bygdebokprosjektet i Surnadal vil utover hausten fotografere heimar i Stangvik til bruk i ny bygdebok. Dette gjeld heile strekninga frå Hyllbakken til Brøskja. Arbeidet vil starte så fort det blir finversdagar og fotovær og halde fram til alle heimar er fotograferte.


Melder mykje regn i tysdag og onsdag!

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. august 2014

Meterologisk institutt har gått ut med OBS-varsel for Møre og Romsdal, da det er venta mykje regn lokalt. Tysdag er det Sunnmøre som får det meste av regnet, men det blir onsdag store nedbørsmengder lokalt, med 30-60 mm på 24 timar. Om nedbøren treffer her, blir det nok flaum med slike nedbørsmengder. Men etter varselet i skrivande stund (18.30) ser det ikkje så ille ut.


Midt på dagen, midt på ekra…

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. august 2014

Midt på dagen gikk disse to rådyra på ekra ved SIAS/Bordholmen stadion. Dei gav blaffen i at jakttida for vaksen rådyrbukk starta 10. august og beita i fred og ro, sjølv om dei fekk tilskuarar på vegkanten.


Turminner fra Todalen

Elinor Bolme Tysdag 19. august 2014

Vi er så heldige å ha flere bidragsytere rundt om. Harald Egil Folden er ein av dei, og nok ein gong har han sendt oss en mengde fine bilder frå Todalen, både av eldre og nyare dato.


Måndag var det skulestart

Jon Olav Ørsal Måndag 18. august 2014

Måndag var nok ein spennande dag for Hallvard, Maria og Tor Asbjørn. Da hadde dei nemleg sin første skuledag ved Todalen skule, og det var stas. Stas var det nok for alle dei andre også, for det har vore ein lang og fin sommar og da er det alltid artig å treffast på skulen igjen.


Side 3 av 712345...Siste »