Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Midt på dagen, midt på ekra…

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. august 2014

Midt på dagen gikk disse to rådyra på ekra ved SIAS/Bordholmen stadion. Dei gav blaffen i at jakttida for vaksen rådyrbukk starta 10. august og beita i fred og ro, sjølv om dei fekk tilskuarar på vegkanten.

Midt på ekra ved SIAS/Bordholmen gikk rådyra og beita. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var nok to fjorårskalvar som har vorte jaga frå mora i sommar og som no fristar tilværet åleine. Som sagt er det jakttid for vaksen råbukk frå 10. august til 23. desember, medan det er generell jakttid for rådeyr i tidsrommet 25. september til 23. desember.

Raadyr_0553

Flotte dyr – som går ei farleg tid i møte! Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 19. august 2014, 12:15