Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jan Vidar dreg til Canada for eit år…

Jon Olav Ørsal Fredag 22. august 2014

Todalingane dreg ut i verda som aldri før!  Nummer to berre denne veka er Jan Vidar Øyen, som dreg til Kamloops i Canada for eit år.  Der skal han fullføre utdanninga si og forhåpentleg vis ha med seg ein bachelor i friluft- og fjellsport når han rundar av året i Canada og kjem att i juni neste år.

kamloops

Kamloops i Canada har knappe 100.000 innbygjarar og ligg ved samløpet av den nordlige og sørlige grenen av elva Thompson. Foto frå internett.

Han blir kanskje ikkje borte heile året i eit strekk, for han satsar på ein tur heim på juleferie, dersom studielånet strekk til, smiler han.  Han reknar med at turen over dammen tek mesta eit døgn, før han er framme i Kamloops.  Startar med bil til oppdal, og tog vidare til Gardermoen. Så blir det fly til Frankfurt, vidare til Vancouver og til sist ein busstur sør- og austover i fem timar til Kamloops. Der har han leid eit hus, saman med 4-5 likesinna, og gler seg over at hybellivet på Volda er slutt.

Dei to siste åra har han studert same faget på høgskulen i Volda. Dette året blir det litt mindre friluftsfag og litt meir fjellsport, og han har med seg ein god del utstyr på turen over dammen, slik som klatreutstyr og skiutstyr.  Elles reknar han med at det blir ein del kajakkpadling og litt forskjellig. I sommar har Jan Vidar jobba som guide og breførar i Fjærland. Viktig praksis og sjølvsagt greitt å tene opp litt pengar til Canada-turen.  Når han er ferdig med utdanninga håpar han å få den typen arbeid i tillegg til å drive med undervisning i ein eller anna samanheng.

Det amerikanske kontinentet er imidlertid ikkje heilt ukjent for Jan Vidar. Da han gikk på friluftslinja på Sogndal Folkehøgskule var klassen på studietur til Grand Canyon. Men no gler han seg til masse friluftsliv og fjellsport i fjella rundt Kamloops i første omgang.  Vi i redaksjonen ønskjer Jan Vidar god tur og lykke til, og kan kanskje håpe på eit reisebrev etter kvart?

 

Publisert: 22. august 2014, 06:00