Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Måndag var det skulestart

Jon Olav Ørsal Måndag 18. august 2014

Måndag var nok ein spennande dag for Hallvard, Maria og Tor Asbjørn.  Da hadde dei nemleg sin første skuledag ved Todalen skule, og det var stas. Stas var det nok for alle dei andre også, for det har vore ein lang og fin sommar og da er det alltid artig å treffast på skulen igjen.

P1130606

Spesielt stas var det for Hallvard, Maria og Tor Asbjørn som hadde sin føste skuledag. Foto: Britt Mossing

Britt Mossing har sendt oss e-post med nokre bilder frå årets første skuledag, og ho skriv: «Sender over nokre bilete frå skulestarten i dag . Vi var heldige og hadde fin og blå himmel da vi kom på skulen. Etter kvart skya det over, men alle rakk å bruke ballbingen før regnet satte inn. Alle dei 20 elevane var glade for å treffast på skulen etter sommarferien. I første klassen er det tre nye elevar i år, Hallvard, Maria og Tor Asbjørn.»

P1130616

Full fart og stor aktivitet i ballbingen – trur alle tykte det var kjekt å starte på igjen på skulen. Foto: Britt Mossing

Publisert: 18. august 2014, 22:09