Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for desember, 2013

Vi fann 67 artiklar i dette arkivet.


Straumbrot i Todalen tidligere i dag

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. desember 2013

Rundt lunchtida onsdag var det brot på straumforsyninga til Todalen, Nordvik og Kvanne. Det var ein skade på linjenettet i Østbødalen som var årsaka til straumbrotet, som raskt vart reparert av Svorkas linjemannskap.


Illustrasjonsbilete frå fjorårets julekantate.

Laurdag: Julekantate i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. desember 2013

Adventskonserten i Todalen kyrkje laurdag ettermiddag (7.12. kl 16) byr på Dagsviks kantate «I denne søte juletid», solosong, korperler og allsong. Tittelen «Ved juletid» siktar mot klingande forsmak på den komande høgtida.


Vi klapper i hendene, så gla er vi ..... Foto: Jon Olav Ørsal

Endeleg vart det julegrantenning

Jon Olav Ørsal Måndag 2. desember 2013

Eit døgn forsinka vart det endeleg julegrantenning ved Matkroken L. Hals. Søndag måtte arrangementet avlysast på grunn av regn og blåst, men måndag kveld var det fine forhold og det var mykje folk samla. Det er PT-utvalget som har til oppgåve å sørge for juletre og tilhørande julgrantenning, og det har ikkje vore noko enkel […]


Stangvik historielag – årsskriftet klart for salg

Jon Olav Ørsal Måndag 2. desember 2013

Årsskriftet for Stangvik Historielag er no klart for salg, og er kome ut i butikkane, fortel Marit Haugen. Stangvik historielag arbeider i gamle Stangvik kommune, unnateke Todalen som har eige historielag. Årsskriftet som er på 60 sider i A4-format har mykje godt og variert stoff frå hele området, og det ber preg av stor innsats frå redaksjonen som har samla mykje historisk materiale i heftet.


Laurdag er det hjortfest – billettane går unna

Jon Olav Ørsal Sundag 1. desember 2013

Festsjef Ragnar Halle minner om at billettsalget til Hjortfesta 2013 forlengst er i full gang. Hjortfesta er i Todalen ungdomshus laurdag 7. desember, og startar presis kl 20.00. Idrettslaget er arrangør, men Talgø & Kårvatn jaktlag er vertskap for festa. Billettane til festa er lagt ut til salg på Matkroken L.Hals, og kjøpes altså der, fortel Ragnar.


Brann, kos og hygge

Elinor Bolme Sundag 1. desember 2013

Overraskande mange unge tok turen til Sanitetshuset i dag for å delta på brannøvelse i regi Todalen Sanitetsforening og Todalen Brannvesen. 1. desember er røykvarslarens dag, og dette ønska Todalen Sanitetsforening å markere litt ekstra under sitt tradisjonelle førjulstreff. Derfor var utykningsleiarane Ivar Bolme og Håvard Halset representert frå brannvesenet under arrangementet.


Julegrantenninga utsett til måndag

Jon Olav Ørsal Sundag 1. desember 2013

På grunn av sterk vind og mykje regne har PT-utvalet beslutta å utsette julegrantenninga ved Matkroken L. Hals til måndag kveld. Vêrmeldinga for måndag ettermiddag er mykje betre, og da blir det julegrantenning med det same programmet kl 17.30.