Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik historielag – årsskriftet klart for salg

Jon Olav Ørsal Måndag 2. desember 2013

Årsskriftet for Stangvik Historielag er no klart for salg, og er kome ut i butikkane, fortel Marit Haugen. Stangvik historielag arbeider i gamle Stangvik kommune, unnateke Todalen som har eige historielag. Årsskriftet som er på 60 sider i A4-format har mykje godt og variert stoff frå hele området, og det ber preg av stor innsats frå redaksjonen som har samla mykje historisk materiale i heftet.

Årsskriftet har 60 sider med interessant lokalhistorie fra gamle Stangvik kommune.  Foto: Jon Olav Ørsal

Årsskriftet har 60 sider med interessant lokalhistorie fra gamle Stangvik kommune. Foto: Jon Olav Ørsal

Heftet inneheld tilsaman 34 forskjellige artiklar om både store og små saker, og er innom mange interessante emner frå heile området. Redaksjonen for dette heftet har vore Marit Haugen, Jarle Røkkum, Lars Steinar Ansnes og Grete Aarnes, men fleire har vore engasjerte i skrivearbeidet og innsamling av bilder og informasjon.

Heftet kostar kr 150, og og er til salg hos Joker Kvanne, Joker Ålvundfjord, Matkroken i Todalen og bokhandelen i Surnadal og Sunndal. Medlemane i Stangvik historielag får eit årsskrift inkludert i medlemskapet.

Publisert: 2. desember 2013, 05:00