Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Laurdag er det hjortfest – billettane går unna

Jon Olav Ørsal Sundag 1. desember 2013

Festsjef Ragnar Halle minner om at billettsalget til Hjortfesta 2013 forlengst er i full gang. Hjortfesta er i Todalen ungdomshus laurdag 7. desember, og startar presis  kl 20.00.  Idrettslaget er arrangør, men Talgø & Kårvatn jaktlag er vertskap for festa. Billettane til festa er lagt ut til salg på Matkroken L.Hals, og kjøpes altså der, fortel Ragnar.

Han fortel at dei har mykje godt på menyen denne kvelden. Det blir buffè med varmrett, og mykje god og kortreiste fisk- og kjøttrettar frå Todalsnaturen. Dei byr og på lett underhaldning og etterpå blir det ein svingom med Perikom Light. Kveldens høgdepunkt er sjølsagt utdeling av «Den Gyldne Patron», noko det er knytta stor spenning til.

Ragnar ønskjer både todalingar og folk i nabobygdane velkomne til Hjortfesta 2013. Billetten kostar kr 200, og kan altså kjøpast i kassa på Matkroken. Ragnar Halle er kontaktperson og kan kontaktes på telefon 986 57 743, dersom det er noko du lurar på.

Publisert: 1. desember 2013, 23:00