Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Brann, kos og hygge

Elinor Bolme Sundag 1. desember 2013

Overraskande mange unge tok turen til Sanitetshuset i dag for å delta på brannøvelse i regi Todalen Sanitetsforening og Todalen Brannvesen. 1. desember er røykvarslarens dag, og dette ønska Todalen Sanitetsforening å markere litt ekstra under sitt tradisjonelle førjulstreff. Derfor var utykningsleiarane Ivar Bolme og Håvard Halset representert frå brannvesenet under arrangementet. Dei hadde lånt Surnadal Brannvesen sin sløkkjehengar, slik at alle som ville fekk prøve seg på enkel sløkkjing utanfor sanitetshuset. Både ung og gammel nytta høvet til å gjere seg kjent med eit bransløkkjingsapperat i eit for anledninga særdeles strålande vêr utan hverken vind eller sidelengs regn.

Etterpå vart alle invitert inn i Sanitetshuset på nissegraut, lett underholdning og kaffe med noko godt attåt. Førjulstreffet er ein årelang tradisjon som Todalen Sanitetsforening har. Her er alle babyar født sist år særskild inviterte til å ta turen nedover for å motta eit lite smykke kalla «barnets lykkeskilling». I år er det berre tre fødte i Todalen, og kun vesle Julia Krajewska frå Bjørli tok ut i ruskeveret med foreldra sine. I tillegg vart Anne Moe hedra med sin årelange innsats i Todalen Sanitetsforening. Ho vart dermed æresmedlem nr 4 i foreninga, frå før er Marit Kallseth, Lisbet Halle, Maria Ansnes og Margit Halle utnemt.

Tradisjon tru delte saniteten ut blomster til alle todalingar over 80 år og til alle todalingar som er busett på dei ulike eldreinstitusjonane i kommunen vår. Nytt av året var at dei i tillegg fekk utdelt slukkeskum på boks. Dette er eit hendigt sløkkjemiddel for anledninga sponsa i sin heilheit av Gjensidige Surnadal, saman med batteri til alle dei seriekopla røykvarslarane i Sanitetshuset. Desse vart også naturlegvis skifta, med kyndig hjelp av brannmannskapet. Brannvesenet delte også ut hendige brannkalendrar til alle frammøtte frå feiar Jon Nordvik. For dei som ikkje fekk så ligg fleire på Matkroken.

Saniteten har også gjennom heile året hatt utlodning av ein akvarell måla av Elisabet Storslett. Den heldige vinnaren av dette vart Lisbet Ranes.

Under er eit variert bildegalleri frå ein innhaldsrik dag i Sanitetshuset. Alle foto ElinorB.

Først publisert: 1. desember 2013, 21:23 - Sist oppdatert: 2. desember 2013, 14:46