Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2013

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.


Så vart det skulelunch

Så vart det skulelunch

Dordi Jorunn Halle Torsdag 19. september 2013

Onsdag starta vi opp med skulelunsj. Kvar dag samlast vi på SFO-rommet for å ete i lag – kjekt å få maten servert på fat i staden for frå matboks. Grovt brød, sunt pålegg, frukt eller grønsaker – elevane et godt og kosar seg!

Les heile saka

Vegstikkene kjem på plass i kveld

Vegstikkene kjem på plass i kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. september 2013

At vegstikkene blir sett ut er definitivt eit dårleg teikn. Til tross for at det er finvêrsdagar med sol og god temperatur er det ei påminning om det vi har i vente. Vi får berre håpe at Veidekke er tidleg ute med dette arbeidet og at det ikkje blir bruk for dei med det første. Rolf Ole Røv frå Teigan Maskin og Landbruk var iallfall i full gang med å sette opp vegstikker innover Kvennsetgarden, og skulle også ta runden rundt heile Todalen før han tok kveld.

Les heile saka

Rimfrost i natt…

Rimfrost i natt…

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. september 2013

Hausten er i ferd med å feste grepet. I løpet av natt til torsdag er det nok kome rimfrost i vegetasjonen mange plassar. Det er nok ikkje noko unormalt, for vi skriv tross alt 19. september, og må nok rekne med at det blir meir av den sorten. Temperaturmålaren som er montert på eit par meter oppe på husveggen viser minimumstemperatur på +2,5 i løpet av natta.

Les heile saka

Todalen by night…

Todalen by night…

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. september 2013

Praktfull måne over Todalen i kveld. Eit slør av skyer forsterka effekten av fullmånen (fullmåne 19.9.) Måtte berre stoppe og finne fram stativet, og stillte inn kamera etter beste evne. Resultatet ser du ovafor, og det vart fanga inn kl 21.15. Vêrmeldinga går ut på enda to finvêrsdagar med sørvestleg vindretning, før det kanskje blir […]


Spanande brannvernveke

Spanande brannvernveke

Britt Mossing Tysdag 17. september 2013

Denne veka er det brannvernveke på Todalen oppvekstsenter. I dag hadde vi besøk av Ståle og Ivar med demonstrasjon av brannbilen i Todalen. Vi starta øvinga med brannrekkje frå klasserommet til ballbingen. Der gjekk Ola gjennom alarmplana. Ståle og Ivar fortalde om arbeidet sitt som brannmenn, vi høyrde om alt frå slokking av pipebrann til bruk av hjartestartar.

Les heile saka

Evalueringsmøte etter raset

Evalueringsmøte etter raset

Elinor Bolme Tysdag 17. september 2013

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Surnadal kommune inviterer tysdag 17. september til eit møte om erfaringsdeling etter skredet og vegstenginga i Todalen. -Evaluering, erfaringsdeling og refleksjon er ein viktig del av all krisehandtering, seier fylkesmann Lodve Solholm i ei pressemeleding til redaksjonen.

Les heile saka

Månadens bilete: Sulå tar et sommerbad i Legdvatnet

Månadens bilete: Sulå tar et sommerbad i Legdvatnet

Ole Petter Talgø Tysdag 17. september 2013

Denne månaden kan vi gratulere Michal Heimlund med flest stemmer i avstemninga av månadens bilete med «Sulå tar et sommerbad i Legdvatnet», og med det ein flott Todalen.no-termos. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Har du eit bilete du vil dele, send det inn til oss på e-post red@todalen.no. Akkurat […]

Les heile saka

Haust i fjellet

Haust i fjellet

Jon Olav Ørsal Sundag 15. september 2013

Hausten er i ferd med å innta fjellet, med brune myrar og startande lauvfall i fjellskogen. Men vegetasjonen ventar nok på den første skikkelege frostnatta for vi får dei sterke haustfargene. Den første frostnatta kjem nok i tide, så vi får berre nyte den finaste tida i fjellet etter kvart som vegetasjonen blir endra. Innhaustinga frå naturen har pågått ei tid, med sanking av bær og sopp. No er det jakta på småvilt og storvilt som sividt er kome i gang. Storviltjakta starta 1. september i år, medan rypejakta starta den 10. september.

Les heile saka

Starta jakta med elgfall

Starta jakta med elgfall

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. september 2013

Jaktlaget på sørsida av bygda starta årets hjort- og elgjakt i dag. Dei fekk utteljing alt på første jaginga, da det fall ein liten elgokse for posten på Raudåhjellå. Vi har fått bilde tilsendt og kan her vise stolte jegrar med årets første elg. Tidlegare er det berre Talgø og Kårvatn jaktlag som har vore i aksjon, og dei har felt fleire hjortar som vi har vist på Todalen.no.

Les heile saka

Apparatveiledning

Apparatveiledning

Elinor Bolme Laurdag 14. september 2013

Tirsdag 17. september og torsdag 19. september har Todalen Idrettslag leidd inn Ola Einar Øyen til å vise bruken og funksjonane av dei ulike treningsapperata på Hett & Svett. Han vil også komme med treningsråd for den som kunne tenkt seg det. Etter ein halv mannsalder med fotballspelling, deriblandt også  i trenarfunksjon har Ola Einar […]


Kompensasjon for straumbrot

Kompensasjon for straumbrot

Jon Olav Ørsal Fredag 13. september 2013

Svorka Energi skriv i ei pressemelding til Todalen.no at dei vil betale kmpensasjon for manglande straumleveranse i forbindelse med raset 31. juli. Abonnentar i Todalen var utan straum mellom 24 og 48 timar, og har derfor krav på kr 1400 i kompensasjon for dette. Dette rakk ikkje Svorka å få med på avrekninga som var gjort pr 1. september, og vil derfor ta det med på neste avrekning som blir gjort 1. november.

Les heile saka

Eldreråd og eldremiddag på onsdag

Eldreråd og eldremiddag på onsdag

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. september 2013

Førstkomande onsdag (18. september) vil det kommunale Eldrerådet avvikla møtet sitt i Sanitetshuset. Møtet tek til klokka 11.15. Etter møtet, frå klokka 13.00, vil Eldrerådet eta «Kjøtt og påsse» saman med deltakarane på Eldremiddagen. Ordføraren Mons Otnes og kommunalsjef Inge Skogheim er blant gjestane.

Les heile saka