Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Spanande brannvernveke

Spanande brannvernveke

Britt Mossing Tysdag 17. september 2013
Denne veka er det brannvernveke på Todalen oppvekstsenter. I dag hadde vi besøk av Ståle og Ivar med demonstrasjon av brannbilen i Todalen. Vi starta øvinga med brannrekkje frå klasserommet til ballbingen. Der gjekk Ola gjennom alarmplana. Ståle og Ivar fortalde om arbeidet sitt som brannmenn, vi høyrde om alt frå slokking av pipebrann til bruk av hjartestartar.

Elevane fekk prøvd utstyr og var med i bilen på utrykning til elvekanten for å teste brannslangen. Det lova godt for framtida til brannvesenet i Todalen, fleire gode kandidatar på skulen. Om nokon vart våte???

Sjå bildeserien frå brannvernsaktivitetane ved Todalen oppvekstsenter.  Alle foto: Britt Mossing og Dordi Jorunn Halle

Publisert: 17. september 2013, 16:49