Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalen by night…

Todalen by night…

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. september 2013

Praktfull måne over Todalen i kveld. Eit slør av skyer forsterka effekten av fullmånen (fullmåne 19.9.) Måtte berre stoppe og finne fram stativet, og stillte inn kamera etter beste evne. Resultatet ser du ovafor, og det vart fanga inn kl 21.15. Vêrmeldinga går ut på enda to finvêrsdagar med sørvestleg vindretning, før det kanskje blir nokre regndråpar på laurdag. Torsdag og fredag melder yr.no om 6-7 varmegrader om natta og dagtemperaturar opp til 15-16 varmegrader.

Publisert: 18. september 2013, 21:51