Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Haust i fjellet

Haust i fjellet

Jon Olav Ørsal Sundag 15. september 2013

Hausten er i ferd med å innta fjellet, med brune myrar og startande lauvfall i fjellskogen. Men vegetasjonen ventar nok på den første skikkelege frostnatta for vi får dei sterke haustfargene. Den første frostnatta kjem nok i tide, så vi får berre nyte den finaste tida i fjellet etter kvart som vegetasjonen blir endra. Innhaustinga frå naturen har pågått ei tid, med sanking av bær og sopp. No er det jakta på småvilt og storvilt som sividt er kome i gang. Storviltjakta starta 1. september i år, medan rypejakta starta den 10. september.

For min del har jakt- og fangstiveren stått sitt høgst, men det var ein fryd å oppleve haustfjellet med hagle og eit lite lommekamera. Det var faktisk kameraet som vart flittigast bruka, og ein del av bilda er lagt i bildegalleriet nedafor. Det er mange som dei første jaktdagane har tråla både toppar og vidder etter rype. Resultatet har vore blanda, men etter nokre finvêrsdagar i fjellet oppdagar du nok at du får skikkeleg utteljing likevel.

I bildegalleriet finn du nokre bilde folk og natur på Lauvåfjellet – platået mellom Romådalen og Kvennsetdalen.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 15. september 2013, 11:35