Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vegstikkene kjem på plass i kveld

Vegstikkene kjem på plass i kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. september 2013

At vegstikkene blir sett ut er definitivt eit dårleg teikn.  Til tross for at det er finvêrsdagar med sol og god temperatur er det ei påminning om det vi har i vente. Vi får berre håpe at Veidekke er tidleg ute med dette arbeidet og at det ikkje blir bruk for dei med det første. Rolf Ole Røv frå Teigan Maskin og Landbruk var iallfall i full gang med å sette opp vegstikker innover Kvennsetgarden, og skulle også ta runden rundt heile Todalen før han tok kveld.

Teigan Maskin og Landbruk har kontrakt med Veidekke Industri om utsetting av vegstikker rundt heile distriktet. Teigan maskin og Landbruk driv han saman med broren Steinar, og firmaet er er fulltidsbeskjeftiga med vegvedlikehald for Veidekke med sine 3 ansatte.  Til vegstikkejobben har dei ein stor traktor med spesialutstyr for utsetting av vegstikker, så jobben går raskt unna. Rolf Ole må berre ut av traktoren når han skal fylle på magasinet.

Rolf Ole rekna med at dei trong ca 1 månad til denne jobben med vegstikkene i sitt distrikt. Til våren blir det same runden for å ta opp att stikkene, men det går litt raskare og er unnagjort på eit par veker.

Publisert: 19. september 2013, 18:05