Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for august, 2013

Vi fann 124 artiklar i dette arkivet.

Side 1 av 1112345...Siste »

Halse-måleri  på  auksjon  på  Halsadagen  8.  september

Halse-måleri på auksjon på Halsadagen 8. september

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. august 2013

Er du på jakt etter å kjøpe måleri av Olav Halse, så er Bygdadagen i Halsahallen rette plassen. Der blir det nemleg aukjon på 3 måleri av Olav Halse samt 2 måleri til denne dagen. Auksjonen skjer i regi av Halsa Heimbygdlag, og startar i Halsahallen søndag 8. septeber kl 14. Du kan studere måleria på standen til Halsa Heimbygdlag på førehand.

Les heile saka

Vegen  opnar  for  kollonnekjøring  måndag  9.  september

Vegen opnar for kollonnekjøring måndag 9. september

Jon Olav Ørsal Fredag 30. august 2013

På sjølvaste valgdagen lovar entreprenørane og Statens vegvesen at vegen inn til Todalen skal opnast. Etter at det meste av ryddejobben er unnagjort, vil arbeidet med å rydde og utbetre sjølve vegbanen starte. Det er entreprenørane Mikkelsen Maskin og Vatn Maskinstasjon som har gjort ryddejobben, og som skal fortsette med vegarbeidet i neste veke, skriv tidsskriftet Våre veger, der sjefingeniør Ivar Hol er full av lovord om entreprenøranes arbeid i rasområdet.

Les heile saka

Onsdag  4.  september:  På’n  igjen  for  eldremiddagen

Onsdag 4. september: På’n igjen for eldremiddagen

Jon Olav Ørsal Fredag 30. august 2013

Eldremiddagen i Todalen starter opp etter sommerferien førstkommende onsdag til vanlig tid. (13.00), melder Martinus Torvik i eldremiddagen. Kokker blir Brit og Jorunn. Utenbygdsboende gjester blir anbefalt å ta passasjerbåten «Tollesund» fra Svinvika klokka 12.15. Dere vil bli hentet på kaia i Todalen og kjørt til Sanitetshuset.

Les heile saka

Fjordliv  med  kyrkjebåtroing  og  sundbåt-cruise  i  Bøfjorden

Fjordliv med kyrkjebåtroing og sundbåt-cruise i Bøfjorden

Jon Olav Ørsal Fredag 30. august 2013

Søndag blir det Fjord-cruise med sundbåten «Framnæs», kapproing mellom kyrkjebåtane «Hjelmkonnå» og «Halsabrura» og rikhaldig museumsprogram pregar komande søndag i Bøfjorden. Nye «Framnæs» – bygd på Kleivset i fjor – er i seg sjøl ein attraksjon. Denne dagen kan passasjerar få flotte og billege turar med båten. Det er Bøfjorden sjøbruksmuseum som står for arrangementet, fortel Bernt Bøe til Todalen.no.

Les heile saka

Siste  frist:  Namn  skal  barnet  ha.  Bli  med  og  stem!

Siste frist: Namn skal barnet ha. Bli med og stem!

Jon Olav Ørsal Fredag 30. august 2013

Todalen idrettslag er komne til innspurten på arbeidet med det nye treningssentret på Kvennset. Det har no vore montering og rigging av utstyr nokre kveldar, og det store spørsmålet er kva namnet skal bli. Todalen idrettslag har tidlegare lyst ut namnekonkurranse for treningssentret, og det er kome inn fleire forslag som vi skal presentere her. Tidlegare har bygget husa både BP bensinstasjon, Postkontor og solstudio. Bli med og stem fram ditt forslag slik at det kan lagast skilt til å montere på veggen.

Les heile saka

Det  går  sakte  men  sikkert  framover

Det går sakte men sikkert framover

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. august 2013

Det er sikkert mange som er utålmodig og tykkjer det går sakte med sikringsarbeidet på rasstaden i Stranda. Men det er full aktivitet kvar dag, og vi hører mange «drønn» frå dynamittsalver gjennom ein dag. Sakte men sikkert blir det veg oppover rasområdet, men dette er vanskeleg og risikofylt arbeid som berre må ta litt tid.

Les heile saka

Todalen-Kvanne  –  minutt  for  minutt

Todalen-Kvanne – minutt for minutt

Jon Olav Ørsal Måndag 26. august 2013

I kveld er det premiere for nylaga video om ferjeturen frå Todalen til Kvanne «minutt for minutt». Ein treng vel ikkje grave så djupt etter den ideen, etter NRK har vist Hurtigruta langs kysten på denne måten. Etter at skipperen «nylanserte» ideen søndag, vart det bestemt at turen frå Todalen måndag kl 9.15 var eit høveleg tidspunkt. Visste at Jon Are Husby hadde litt erfaring med dette, og han var habil til å være med på eit forsøk.

Les heile saka

Nye  rutetider  på  skyssbåten  frå  27.08.13

Nye rutetider på skyssbåten frå 27.08.13

Elinor Bolme Måndag 26. august 2013

Etter vurdering av fleire innspel har Surnadal kommune igjen gjort nokre få justeringar i rutetidene for skyssbåten MS Tollesund til/frå Todalen. Endringane gjeld frå tysdag 27. august melder rådmann Knut Haugen i ein epost til redaksjonen.

Les heile saka

God  merking  gjer  turen  trygg…

God merking gjer turen trygg…

Jon Olav Ørsal Måndag 26. august 2013

I Trollheimen finns det eit nettverk med ruter mellom hyttene som Trondhjems Turistforening (TT) og Kristiansund og Nordmøre turistforening (KNT) har. Merkinga av rutene skal gjera det trygt å ferdast i fjellet, sjølv om det blir litt ruskvêr og tåke. Sondre Halset har teke på seg merkinga på ruta mellom Kårvatn i Todalen og Trollheimshytta. No er han igang med merkinga av denne ruta, og har sendt oss nokre bilde og litt informasjon om korleis dette arbeidet blir utført.

Les heile saka

Henning-tonar  på  ein  anna  måte

Henning-tonar på ein anna måte

Jon Olav Ørsal Sundag 25. august 2013

Henning Quintetten har våre på ein seinsommarleg miniturne, med førestilling i Tingvoll kyrkje laurdag og todalen kyrkje søndag ettermiddag. Mellom førti og femti let seg lokke på konsert i Todalen kyrkje for å høre «Henning-tonar». Nokre var kanskje førebudd på at dei fekk høre tradisjonelle Vårsøg-tonar på denne konserten, men dei fikk i tilfelle ei heilt anna musikalsk oppleving enn dei forventa.

Les heile saka

Nok  ein  stordag  på  Søyabanen

Nok ein stordag på Søyabanen

Elinor Bolme Laurdag 24. august 2013

Vel 60 lag, langt over 90 kamper, 600 unge lovende fotballspillere, store mengder publikummere og ei knall strålende sol over Kveinnalandet. Rammene rundt årets Søyacup kunne ikkje vore bedre. Arrangørklubben IL Søya med sine vel 80 frivillige, landa også i år med ein særdeles vellykka cupdag.

Les heile saka

Takk  til  Todalssamfunnet!

Takk til Todalssamfunnet!

Elinor Bolme Laurdag 24. august 2013

Redaksjonen har i dag mottatt ei fin helsing frå Surnadal Røde Kors, som dei ber oss publisere her på todalen.no. Vi publiseres det i si heilhet, og ønsker organisasjonen lykke til videre i si satsing på økt medlemsmasse og økt beredskap.

Les heile saka

Side 1 av 1112345...Siste »