Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
God merking gjer turen trygg…

God merking gjer turen trygg…

Jon Olav Ørsal Måndag 26. august 2013

I Trollheimen finns det eit nettverk med ruter mellom hyttene som Trondhjems Turistforening (TT) og Kristiansund og Nordmøre turistforening (KNT) har. Merkinga av rutene skal gjera det trygt å ferdast i fjellet, sjølv om det blir litt ruskvêr og tåke. Sondre Halset har teke på seg merkinga på ruta mellom Kårvatn i Todalen og Trollheimshytta. No er han igang med merkinga av denne ruta, og har sendt oss nokre bilde og litt informasjon om korleis dette arbeidet blir utført.

«Eg har no starta på merking av Trondhjems Turistforening (TT) sin tursti mellom Kårvatn og Trollheimshytta, ei rute på 25 km. Dette på bakgrunn av at eg i fjor deltok på rutemerkingskurs i regi av TT. På kurset fekk vi innføring i retningslinjer vedrørande det å vera rodeansvarleg for ein merka tursti. Ordet rode kjem av ein person eller ei gruppe som har eit spesielt område eller vegstykke å halda vedlike. Dette inneberer rydding på og rundt stien slik at den er mest muleg farbar, og oppfrisking av sjølve merkinga. At den er godt synleg der det trengs som mest. Ein viktig ting med merking av tursti er at det ikkje lenger skal brukast raude prikkar rundt omkring. Etter TT sin standard skal det berre målast ein raud T på lause og mindre steinar. Dette er det to årsaker til: For det første er ikkje slike raude prikkar særleg fine å sjå til, då er det mykje betre med ein stor og fin raud T. For det andre så skal ikkje T-ar merkast på berg og fjell, då det skal være mogleg å fjerne stimerkinga heilt i fall Direktoratet for naturforvaltning krev dette. Direktoratet kan krevje dette i fall dei meiner at ferdsel i visse område er for belastande for naturen, og eksisterande merka stiar må leggjast om.

Ruta mellom Kårvatn og Trollheimshytta er allereie bra merka, men etter mykje vêr og vind er det heilt nødvendig med jamleg vedlikehald. Å vera rodeansvarlig betyr ikkje berre at ein skal rydde stien og merke T-ar, men skal og melde frå og komme med forslag til TT om det skulle være nødvendig å legge klopper over spesielt våte områder, og byggje bruer over elv og bekk som kan vera vanskeleg å krysse. Dette tek da TT stilling til og får da evt bringa inn nødvendig utstyr og materialar.

Til no har eg komme meg 10 km inn i Naustådalen, og heilt inn til ytre enden av  Naustådalsvatnet. Har så langt satt opp mindre steinar med ein raud T og rydda litt på stien. Tida går fort når ein driv slikt arbeid, samt at vêret må klaffe, så har innsett at dette er eit prosjekt som ikkje er gjort i løpet av eit år. Målet er å være ferdig merkinga til neste år, og da komme seg inn til Trollheimshytta for overnatting og ein betre treretters middag der!
Kan forøvrig melde om fine forhold innover Naustådalen. Tørt og lettgått.»

Vi har fått ein serie med bilder som Sondre har teke når han har vore ute på oppdrag   Alle foto: Sondre Halset

Først publisert: 26. august 2013, 05:00 - Sist oppdatert: 25. august 2013, 23:30