Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fjordliv med kyrkjebåtroing og sundbåt-cruise i Bøfjorden

Fjordliv med kyrkjebåtroing og sundbåt-cruise i Bøfjorden

Jon Olav Ørsal Fredag 30. august 2013

Søndag blir det Fjord-cruise med sundbåten «Framnæs», kapproing mellom kyrkjebåtane «Hjelmkonnå» og «Halsabrura» og rikhaldig museumsprogram pregar komande søndag i Bøfjorden. Nye «Framnæs» – bygd på Kleivset i fjor – er i seg sjøl ein attraksjon. Denne dagen kan passasjerar få flotte og billege turar med båten. Det er Bøfjorden sjøbruksmuseum som står for arrangementet, fortel Bernt Bøe til Todalen.no.  Plakaten kan du laste ned her.

Programmet for fjordlivdagen ser slik ut:
Innover frå Kristiansund med «Framnæs»:
09.30   Start frå Kristiansund. «Framnæs» følgjer stort sett dei gamle dampskipsrutene.
11.00   Anløp ved Halsa ferjekai. Herifrå kan nye passasjerar bli med til Bøfjorden.
Bøfjorden (Ilabukta på Bølandet):
13.00   «Framnæs» tek ombord passasjerar ved Samvirkelaget.
Kaffesalg ved Saga (Kassafabrikken). Nedlagt fabrikk open for publikum. Innblikk i P. J. Bøe & Sønns produksjon av eksportkassar for kleppfisk (Werring/Br.Jangaard).
13.30   Kapproing kyrkjebåtar. Rute: Ilabukta – Bøsundet – Grasholmen – retur Ilabukta.
«Framnæs» med følgjer konkurrentane på fjorden. Småbåtflåten invitert til å prege
fjordmiljøet.  Publikum elles har ypperleg utsikt frå Ilabukta og Bøbrua.
14.30   Fjordcruise med «Framnæs» rundt Bøfjorden. Guide fortel om bl.a. lokal sjøkultur før og no – skipsbygging, fraktenæring, fiskeindustri, fiskeplassar, forlis m.m.
Brødskive, rundstykke og kaffe å få kjøpt ombord i «Framnæs».
15.00   Open restaurant: Elvaneset ( ved Småbåthamna). Middag å få kjøpt.
Sjøbruksmuseet:
16.00   Samling på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.
Premieseremoni. Informasjon om foreninga bak «Framnæs». Terje Holm presenterer og sel den nye ferjeboka «Med kaffe og svele over fjorden». Salg av kaffe og svele også på museet (!)
17.00   Avslutning og heimreise.

NB: Bøfjorden Sjøbruksmuseum har vanleg opning heile dagen frå kl. 13 til kl. 17.
Her er det historiske utstillingar og salg av kaffe med tilbehør, lokalhistorisk litteratur og suvenirar – og eit fint sosialt miljø parallelt med  (og innimellom) alle dagens aktiviteter. Den gamle Sabb-motoren helsar deg velkomen ved inngangsdøra!

Publisert: 30. august 2013, 19:01