Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Nye rutetider på skyssbåten frå 27.08.13

Nye rutetider på skyssbåten frå 27.08.13

Elinor Bolme Måndag 26. august 2013

Etter vurdering av fleire innspel har Surnadal kommune igjen gjort nokre få justeringar i rutetidene for skyssbåten MS Tollesund til/frå Todalen.  Endringane gjeld frå tysdag 27. august melder rådmann Knut Haugen i ein epost til redaksjonen.

Han skriv:   Det er ingen endringar for MF Førdefjord denne gong. Det er sjølsagt heilt umuleg å få rutetidene til å bli heilt optimale for alle samtidig.  Vi trur i alle fall at dei nye tidene skal vere positiv for ganske mange – men kanskje uheldig for andre.Vi må også ta omsyn til nødvendig kviletid for båtmannskapet, dette er også vektlagt når vi har valt å flytte fram siste avgang med 30 minutt. Gjer også merksam på avgangen frå Svinvika kl 13.45 på fredagar vil bli ca 10 minutt forsinka, dette pga. at båten da må vente litt på skuleskyss frå Stangvik skule. Det er også grunn til å merke seg at skuleungane skal ha førsteprioritet (viss det ikkje er plass til alle båten) på dei avgangane som korresponderer med skuleskyss.     Elles har det no kome på plass eit venteskur i Svinvika, slik at ein kan stå i ly når ein ventar på båten.

Rutetider ferge og passasjerbåt – frå 27 08 2013

Publisert: 26. august 2013, 15:34