Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2013

Vi fann 60 artiklar i dette arkivet.


Tysdag er bailldag…

Tysdag er bailldag…

Jon Olav Ørsal Fredag 12. juli 2013

På tysdagar er det «bailldag» på Todalshytta. Sist tysdag var etterspørselen større enn forventa, og da måtte vi desverre seie nei til dei siste kundane, fortel Åse Grydeland Øyen. Ho er vertinne på Todalshytta på 11. året, og i løpet av disse åra er det berre 2-3 gong ho har gått heilt tom for ball. Komande tysdag reknar vi med at ho tek høgde for både nye og gamle baillkundar, og kokar i storkjelen.

Les heile saka

Omsider nytt blogginnlegg

Omsider nytt blogginnlegg

Elinor Bolme Fredag 12. juli 2013

Endelig kan vi presentere eit blogginnlegg igjen. Denne gongen ei aktiv trebarnsmor frå Lillehammer, med aner i frå Halsetgrenda. Velbekomme!

Les heile saka

Fullbooket Søyacup

Fullbooket Søyacup

Elinor Bolme Torsdag 11. juli 2013

Årets Søyacup 24 .agust er allerede fullbooket melder IL Søya på sine nettsider. 1,5 månede før cupstart er hele 60 lag påmeldt, og arrangørene har måttet sette en foreløpig påmeldingsstopp til lag og puljer er oppsatt.

Les heile saka

Søte små

Søte små

Elinor Bolme Torsdag 11. juli 2013

Karen Johanne Talgø har sendt oss ein liten fotoserie av to små revungar som har tilhald oppi Falla. Dei var på jakt etter mat, og den eine hadde bergingsvettet i orden.

Les heile saka

Stigruppa på Nordvik i rute

Stigruppa på Nordvik i rute

Elinor Bolme Torsdag 11. juli 2013

Nordvik Grendalag er no godt i gang med prosjektet stimerking som vi ved tidlegare anledning har skreve om. Dei har no fått merka fleire stiar i nærområdet. Frå Norunn Holten ved kulturavdelinga hos Surnadal kommune har vi fått tilsendt både bilde og litt informasjon på dette.

Les heile saka

Hobbybrennar ved Lokkarbekken

Hobbybrennar ved Lokkarbekken

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. juli 2013

Du kan skaffe deg mange rare hobbyar, men felles for alle hobbyar er at dei skal være artige å halde på med. Anders Hovde har funne sin hobby – nemleg tjærebrenning. Lokkarbekken ligg ved Middagshjellen på 800 meters høgde, ovafor Jenstad. For å kome dit må du først køyre til Gjøra og ta av mot fjellgardane. Vidare køyrer du opp til Jenstad, og fortsett etter bomvegen opp bratte bakkar til Middagshjellen. Her ved indre Lokkarbekken har Anders Hovde funne sitt paradis, der han driv tjærebrenning på hobbybasis.

Les heile saka

Fiske og camping i Todalen

Fiske og camping i Todalen

Elinor Bolme Tysdag 9. juli 2013

Campingsesongen er over oss for fullt, men belegget på Todalen Camping ved Bordholmen har nok ikkje nådd toppen enno. Terje Nordvik på Matkroken fortel om grei nok trafikk av turistar, men ikkje noko rekordår. No er det tildels for vått til å campe på graset på øversida av klubbhuset, så fleire har måtta stått på asfalten (på tennisbana).

Les heile saka

Rindalingar på kulturcruise til Todalen

Rindalingar på kulturcruise til Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. juli 2013

Pensjonistgruppa i Fellesforbundet i Rindal var måndag på kulturcruise til Todalen.  På programmet hadde dei omvisning på Talgøs utstillingssenter i Brusetmarka, og  presentasjon av Talgøskonsernets 114-årige historie.  Vidare var ruta lagt til Kårvatn med ein kort stopp, og så middag med «kjøtt og påsse» på Todalshytta. Eit trettital pensjonistar frå Rindal og Surnadal deltok i […]


Travel sommar for Ola

Travel sommar for Ola

Jon Olav Ørsal Måndag 8. juli 2013

Det blir ein travel sommar for Ola Kvendset. Etter at snekkarane gjorde seg ferdig med nyfjøset i forrige veke, er det no full guffe med kalving i tida framover. To kalvar kom til verden i dag, og i resten av juli er det venta 14 kalvar til, og i august er det venta heile 20 nye kalvar. For kalvane er det også ein tøff kvardag, for dei kjem direkte til opplæring i å drikke frå bytte.

Les heile saka

Norway Cup oppsettet klart

Norway Cup oppsettet klart

Elinor Bolme Måndag 8. juli 2013

IL Søya melder på sine nettsider at kampoppsetta for laga som skal nedover på Norway Cup siste helga i juli no er klare. Herifrå stiller tre lag med navnet Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen; 2 G14 lag (7-er og 11-er) og eit J14. J14 møter tre norske lag i innleiande runde, mens G14-laga får møte utenlandsk motstand. Gaza Unrwa (Gaza/Palestina) og Iskra Belarus (Hviterussland) kan bli spennande motstandarar for gutane.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for juni

Stem på månadens bilete for juni

Ole Petter Talgø Måndag 8. juli 2013

Då var det tid for ei ny avstemning for å finne månadens bilete for juni. Akkurat no har vi få bilete i køa, så vi håpar at mange sender oss eit bilete og gjerne er helsing på tur både innabygdes og utabygdes.

Les heile saka

Familieturen på Strengen

Familieturen på Strengen

Elinor Bolme Måndag 8. juli 2013

13 mann med stort og smått møtte opp på Matkroken i dag for å bli med på Trimgruppa i Todalen IL sin fellestur til Strengen. Arrangørene hadde på tidspunktet allerede hatt ein utsending på Strengen på morgonkvisten for å sjekke verforholda på toppen (les: Marit Haugen), så gjengen for avsted med betre verutsikter enn det som var på tidspunktet i Todalen.

Les heile saka