Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2013

Vi fann 60 artiklar i dette arkivet.


Kun få koppar igjen

Kun få koppar igjen

Elinor Bolme Laurdag 20. juli 2013

Matkroken, som er vårt utsalgssted for todalen.no-effektar melder no om kun få todalen.no-koppar igjen. Etter ei finteljing har vi no berre 14 stykk att, der den eine er av det første opplaget i kvit, utan hank. Resten er svarte med hank.

Termosar derimot har vi fortsatt rikeleg av. Desse kan også kjøpast på Matkroken.

Les heile saka

Full blomstring på Hageland

Full blomstring på Hageland

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. juli 2013

Ein skulle tru at det meste av blomstersalget er unnagjort no, men det er full guffe enno, seier Ingeborg Langan som er butikksjef på Hageland i Surnadal. Det går enno mykje sommarblomster, og det er enno tid for å plante ut frukt- og bærbusker og mange andre fleirårige busker og staudar. Det er mange som no skiftar ut sommarblomster både i eigen hage, på gravsted og andre plassar.

Les heile saka

Busstur til Nidarosdomen

Busstur til Nidarosdomen

Jon Olav Ørsal Fredag 19. juli 2013

Stangvik sokneråd har i lengre tid syslet med tanken om å overvære en gudstjeneste i Nidarosdomen. Samtidig har det vært mere interessant når det foregår noe utover den ordinære gudstjenesten. I forbindelse med Olavsdagene i Trondheim, som avvikles i tidsrommet 27. juli – 2. august, blir det Åpningshøymesse med J. S. Bachs kantate nr. 80 søndag den 28. juli kl. 1100, med avslutning kl. 1300.

Les heile saka

Pakkhuset i sommar…

Pakkhuset i sommar…

Jon Olav Ørsal Fredag 19. juli 2013

Er du i Todalen på ferie, eller har lyst til å treffe folk som er her på ferie, så er Pakkhuset eit triveleg og uformelt treffpunkt. Pump luft i sykkelen og kom på Todalsøra på pubkveld!

Les heile saka

Miljødirektoratet regulerer fisket

Miljødirektoratet regulerer fisket

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. juli 2013

Urovekkende lave fangster fører til at Miljødirektoratet gjør en ekstraordinær regulering av fisket etter laks i sjø og vassdrag i fire regioner, blant annet elvene på Nordmøre. Sannsynligvis blir det for lite gytefisk i flere vassdrag i de aktuelle områdene til høsten.

Les heile saka

Bailldag med full trøkk

Bailldag med full trøkk

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. juli 2013

Tysdagens bailldag på Todalshytta ga full trøkk på kjøkkenet heile ettermiddagen, og det er tydeleg at potetballen til Åse er populær kost. Etter at ho gikk tom for potetball forrige tysdag, hadde ho sikra seg på at det skulle bli nok til alle denne tysdagen. Og nok vart det, men det var skikkeleg trøkk utover dagen, fortel Åse Grydeland Øyen, som er vertinne på Todalshytta.

Les heile saka

Fellestur til Storsetra

Fellestur til Storsetra

Elinor Bolme Onsdag 17. juli 2013

Stangvik Historielag arrangerer førstkommande laurdag ei kulturell vandring til Storsetra i Stangvik. Det er oppmøte ved Bondehuset kl. 1030 og samkjøring til bommen på den nye skogsbilvegen.

Les heile saka

Hallvard og Alfred på langtur!

Hallvard og Alfred på langtur!

Elinor Bolme Onsdag 17. juli 2013

Randi Kvendset har sendt oss mange fine bilder frå då karane hennar var på fjelltur den 11. juli. Randi er gift med Ingebrigt Kvendset (Lauvvås) og dei har 2 jenter og 2 gutar i lag. Dei ferierer stort sett kvart år litt hos mor/svigermor Bodil i Todalen. Forrige veke tok Ingebrigt, Hallvard (10 år) og Alfred (8 år) turen på Vassnebba og Rambjøra, mens det enno var finver.

Les heile saka

Smøla – meir enn Fru Guri

Smøla – meir enn Fru Guri

Jon Olav Ørsal Måndag 15. juli 2013

Gurispelet er nok hovudattraksjonen på Smøla om sommaren. No er det nok travle tider i Gurisentret, med førebuingar til årets arrangement som har premiere torsdag 18. juli. I år er det 4. forestillingar, og dei rundar av med siste forestilling søndag 21. juli. Dersom du har tenkt å få med deg årets Gurispel er det nok høg […]

Les heile saka

Regnvêret fortsett – betring i fisket?

Regnvêret fortsett – betring i fisket?

Jon Olav Ørsal Måndag 15. juli 2013

Snøsmeltinga var på det næraste ferdig før laksefisket starta i Toåa. Lite nedbør og dermed lita vassføring i Toåa har nok bremsa laksefisket så langt i sesongen. Det siste døgnet har det regna jamt, og vassføringa er no på veg opp. Vêrmeldinga på yr.no spår meir regn utover veka, og det er no håp om at laksen finn vegen opp i Toåa, seier ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset.

Les heile saka

Månadens bilete: Solnedgang på Svinvikhammranj

Månadens bilete: Solnedgang på Svinvikhammranj

Ole Petter Talgø Sundag 14. juli 2013

Denne månaden var det Lisabeth Svinvik gjekk seirande ut i avstemninga av månadens bilete med «Solnedgang på Svinvikhammranj». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt snarast råd. Vi har no få bilete i kø for dagens bilete, så send inn bidrag til oss på e-post red@todalen.no. Nedanfor ser du alle kandidatane med fotograf, og […]

Les heile saka

Kulturgata og litt agurkstoff

Kulturgata og litt agurkstoff

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. juli 2013

På ein tung og grå regnvêrsdag høver det godt med eit innslag frå den store verden, eller nærare bestemt frå Sjøgata i Mosjøen. Mosjøen er eldste byen i Nordland, og Sjøgata er som eit levande museum. Sjøgata er heilt unik, og her har dei klart å ta vare på miljøet og dei gamle trehusa samtidig som dei har klart å halde gata levande. Absolutt verdt å ta ein avstikkar dit dersom du er på traktene.

Les heile saka